Sjukehus er ikkje butikk!
Protestane mot Sjukehusreforma av 2001, nådde nye høgder med året sin LO-kongress. Både Fagforbundet og Norsk Tenestemannslag varsla allereie i februar at dei ville ha kongressen til å kreve avvikling av føretaksmodellen og innordning av sjukehusa i forvaltninga.
Sjølv om LO ikkje vedtok dette direkte, heiter det i uttalinga frå kongressen at Tjenestene må hovedsakelig organiseres av offentlig sektor, og forretningsorganisering må erstattes av andre organisasjonsmodeller. Helseforetakene og systemet med innsatsstyrt finansiering må utvikles på en måte som gir god balanse mellom demokratisk styring og effektivitet i det enkelte foretak. I tillegg vart den markante motstandaren av marknadstenkning i helsevesenet, Gerd Kristiansen frå Fagforbundet vald til nestleiar.
Kva er så dei viktigaste ankepunktene med dagen si organisering? Det som me kan kalle New Public Management, kor ikkje-kommersielle løysinger i offentleg sektor må vike for private bedriftsøkonomiske modellar, har skapt store problemer i sjukehus-Noreg. Ideologen bak reforma, tidligare Aker-direktør Tore Tønne, innførte i praksis aksjelova og dermed også eit rekneskapssystem målt i underskot og overskot. Det som er vanleg i offentleg sektor, nemleg å rekne i netto driftsresultat fortel ingenting om avkastning på investeringar. Likevel var det eit mål for Tønne og resten av Ap-leiinga, med FrP og Høyre som logrande pudlar, om å ha økonomisk inntening som ledetråd. Resultatet har blitt rekneskapstekniske og verklegheitsfjerne krumspring for å få budsjetta til å gå opp. Men skal vår helse målast etter pengar? Skal sjukehusa vera butikkar? Er det ikkje skildnad på privat og offentleg verksemd? I staden for at helseregionane styrer med kalkulator og må finne ut kor dei skal skjære ned, må dei heller konsentrera seg om å behandle pasienter, sjølv om budsjettet skulle sprekke. Mandatet til leiinga må endrast, direktørane må ut og tilsette og folkevalde, med lojalitet til personell og brukarar må inn.
Eit anna problem er stykkprisfinansiering, som delvis har erstatta politisk vedteke rammefinansiering. Sjukehusa får refundert midlar ut i frå eit innfløkt kodesystem som har ført til at legar fyller ut skjemaer i staden for å hjelpe deg og meg. Det er lagt opp til spekulering i operasjonar sin omfang og kostnad. T. d. er hofte- eller snorkeoperasjonar billige og ein kan reise heim på dagen. Derimot tapar kronikarar og kreftpasientar, som må vente unødig lenge. Me har fått eit klasseskilje som må bort. Prinsippet om likebehandling må gjeninnførast.
Ved Haukeland Universitetssjukehus er talet på sjukepleiarårsverk redusert med 58 sidan desember 2008. Samtidig føreslo styret lønnskutt for alle tilsette føre tariffoppgjeret for å redusera kostnadar. Dei tillitsvalde avviste lønnsreduksjonar kontant med: Vi skal ikkje betale for krisa!
Kvart år skjærast det ned på tilbodet. I vinter demonstrerte jordmødre for å forsvara Kvinneklinikken. Landet over har Folkeaksjonen for lokalsjukehusa, mellom anna med Raudt-medlemmer i front aksjonert mot at tenester sentraliserast vekk og at fagkompetanse forsvinn. Stortingsvalet blir avgjerande for om Arbeiderpartiet og regjeringa framleis skal ha vår tillit når det gjeld helsepolitikk. Diverre endrar ikkje Helse-Hanssen sin samhandlingsreform på bedriftstenkninga.
Nei, me må gjere som Skottland har gjort med stor suksess for brukarar, tilsette og samfunnsøkonomien; ta attende den politiske kontrollen over helsevesenet. Bli med i sjukehuskampen og stem Raudt!
Av Lone Lunemann Jørgensen
2. kandidat for Raudt i Hordaland
Publisert: , oppdatert:







