Raudt

«Vårt arbeid – vår velferd»
Kart over Norge

Lokallag

Samrøystes vedtak i fylkestinget med krav om industrikraftløysing

Foto: Gudmund Anders Dalsbø
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)
Pressemelding frå Raudt Hordaland (10.06.09):

Samrøystes vedtak i fylkestinget med krav om industrikraftløysing


På bakgrunn av ein interpellasjon frå Terje Kollbotn (Raudt), vedtok Hordaland Fylkesting i dag, 10.juni, samrøystes fylgjande fråsegn til regjeringa: 
Hordaland fylkesting oppmoda i juni 2007 samrøystes sentrale styresmakter om raskt å få på plass eit nytt industrikraftregime.

Fylkestinget understreka i 2007 at mange industriarbeidsplassar i distrikta, også i Hordaland, kan stå i fare om ikkje den kraftforedlande industrien får gode og langsiktige rammevilkår.

Hordaland fylkesting konstaterer i dag, to år seinare, at ei slik industrikraftløysing enno ikkje er på plass.

Det hastar, og fylkestinget ber regjeringa om snarast råd å gjere sitt yterste for å sikre framtida for den kraftintensive industrien i Norge.


-- Dette vedtaket er mellom anna ein reaksjon på at statsminister Stoltenberg var i Odda og på Husnes i går utan å ha med seg noko nytt om industrikraft, seier Kollbotn, som er nøgd med vedtaket i fylkestinget.

For ytterligare kommentarar kontakt
Terje Kollbotn (forslagstillar)
Tlf. 97194073

Publisert: , oppdatert: