Betre busstilbod i Sunnhordland!
Alt dette i eit forsøk på å spare pengar på den utgiftsposten det er å ha ansvar for kollektivtrafikken i fylket. I staden for å ta omsyn til ungdom og arbeidsfolks behov når det gjeld transport, tar leiinga i fylkeskommunen, representert ved Høgre og FrP, heller omsyn til krav frå EU om at ein ikkje har lov til å hindre konkurranse på feltet. Vårt moderparti Raudt var dessutan det einaste partiet på Fylkestinget som stemte i mot opprettinga av Skyss.
Vi i Raud Ungdom på Stord har sett oss lei på at busstilbodet i Sunnhordland blir dårlegare til fordel for internasjonale kapitalinteresser. Vi er lei av å bli oppfordra til å ta bussen fordi det er miljøvenleg, mens Skyss kan skrote fire hundre bussar for å få nye og fine med logoen sin på. Leirvik er ein by, og ungdommen som bur her har krav på eit busstilbod som tilsvarar nettopp det. Vi krevjar fleire avgangar og billigare ungdomskort. Ja til eit betre busstilbod i Sunnhordland!
Lone Lunemann Jørgensen
2. kandidat for Rødt Hordaland
Publisert: , oppdatert:







