Store tap ved anbod
Det er no kjend at Hordaland Fylkeskommune går i store tap ved kjøp av eigedommar for å gjennomføra anbodspolitikken i kollektivtrafikken. Under ekstra fylkestingsmøte 25.februar, der kjøp av bussannlegg frå Tide sto som einaste sak, framma Raudts fylkestingsgruppe følgjande forslag:
Fylkestinget i Hordaland går inn for å utsetje vidare konkurranseutsetjing av bussruteproduksjonen i fylket, herunuder kjøpsavtale med Tide ASA, til etter valet i 2011. I tida framover skal fylket konsentrere seg om å utvikle ein best mogleg kollektivtilbod i heile fylket.
Før fylket tar stilling til vidare konkurranseutsetjing av bussruteproduksjonen i fylket, må fylket først evaluere erfaringane med både etableringa av SKYSS og konkurranseutsetjinga som alt er gjennomført.
Framlegget enda opp med å få berre Raudts to røyster, men fekk utløyst debatt i fylkestingssalen om kostnadane for anbodspolitikken. Raudts påstand om at fylkets totale kjøpskostanadar ville nå 1 mrd vart avvist av Høgres Tom Christian Nilsen, men noko konkret kostandstal vart ikkje lagt fram av fleirtalspartia (H, KrF og Frp).
Raudt gjekk så mot forslaget om kjøp av bussannlegg av Tide på 235 mill, saman med Ap og SV. Framover vil Raudts fylkestingsgruppe følgje opp saka med å sende brev til fylkesordføraren om å få på bordet konkrete kostandstal for å gjennomføre anbodspolitikken.
Publisert: , oppdatert:







