Raudt

Kart over Norge

Lokallag

Arbeidslina – naudsynt og framtidsretta, eller eit åtak på arbeidarklassen?

Foto: Rødt
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)

Av Lone Lunemann Jørgensen

For tjue år sidan ville det ha vore utenkjeleg for andre parti enn Frp å hengja ut alle arbeidslause og andre trygdemottakarar som late og arbeidssky. I dag er dette heilt sjølvsagt for alle stortingsparti. Der arbeid tidlegare var både ei plikt og ein rett, er det i dag berre plikta til å søkja arbeid som står att. Der pensjonssystemet tidlegare var grunnlagt på eit ynskje om omfordeling og å gje folk ein verdig alderdom, er målet i dag å halda folk i arbeid lengst mogleg for å kneppa siste rest av livskraft utav dei. Det som tidlegare vart kalla full sysselsetjing, er i dag, jamvel av «sosialistar» som Kristin Halvorsen karakterisert som mangel på arbeidskraft.

Så lenge me har gode tider og eit mindretal er ute av arbeid, er det lett å få folk flest med på ein tankegong om at dei som ikkje finn arbeid faktisk ikkje har prøvd. Så slår ein saman offentlege etatar og opprettar NAV, mellom anna for å pressa desse late ut i arbeidslivet. Folk som er på trygd eller sosialhjelp, skal inngå kontraktar for å få ein liten slant ekstra. Så skal dei jobba for trygda si og denne slanten, og ein arbeidsgjevar får nesten gratis arbeidskraft i ein periode.

Dette systemet kan nok i gode tider hjelpa einskilde personar, som har falle utanfor arbeidslivet utan at det eigentleg er ein god grunn til det. Og det kan hjelpa verksemder som har lyst på denne billege arbeidskrafta og i tillegg kan vurdera å tilsetja folk dei er nøgde med. 

Men finst det også negative konsekvensar, og kven vert i så fall råka? Folk som ikkje har jobb fordi dei er late, kan jo berre få seg ein jobb. Så dei vert ikkje råka på ein veldig negativ måte. Det å koma i arbeid vil auka livskvaliteten og i dei fleste høve gje ein høgare levestandard.

Dei som i første omgang vert råka, er folk som er sjuke eller liknande, og som ikkje kan jobba eller som ikkje kan yta 100%. Dei vert i første omgang stigmatiserte ved at ein seier dei er late. I andre omgang vert dei pressa inn i desse kontraktane, der dei må jobba for luseløn og ikkje får verken fast jobb eller betre helsa.

På lengre sikt, når krisa i økonomien og den stigande arbeidsløysa etter kvart gjer at arbeidsgjevarane har god tilgang på gratis arbeidskraft gjennom velferdskontraktar, vil det verta vanskeleg for fagarbeidarar med tariffløn å konkurrera med trygdemottakarane som går på desse slavekontraktane. Åtaka på arbeidsfolk sine rettar gjennom knallharde lønsoppgjer vil då koma i tillegg til åtaka som kjem frå politikarane frå eit samla storting. Ein kan gjerne seia at slikt aldri vil skje, men det kunne ein ha sagt om raseringa av Folketrygda òg. 

Fagrørsla har stort sett heia på Arbeidarpartiet når dei har gjennomført nyliberale reformer, med sjukelønsordninga og arbeidsmiljølova som to heiderlege unntak. Kan det vera at samarbeidslina til sosialdemokratiet likevel ikkje er den beste måten å møta kapitalen sin nyliberale revolusjon på?

Lone Lunemann Jørgensen, Raudt Hordalands 2.kandidat til Stortingsvalet

Publisert: