Raudt støttar kraftdemonstrasjonen i dag!
Raudt Odda støttar den store industrikraftmarkeringa som Fagforbundet Industri Energi har tatt initaitiv til ved Stortinget i dag.
Før stortingsvalet 2005 lova AP, SV og SP at om dei vann valet, skulle ei ny og varig industrikraftløysing vere på plass innan eitt år. Dette skulle sikre industriarbeidsplassane og lokalsamfunna som er grunnlagt på rimeleg, rein og fornybar norsk vasskraft.

Etter snart tre år har regjeringa enno ikkje innfridd lovnadene sine. Dei viser til EØS-avtalen og den internasjonale kraftmarknaden som eit påskot for å unndra seg sitt politiske ansvar for ein nasjonal industripolitikk.
I mellomtida stengjer bedrifter ned smelteomnar, varslar utflagging eller legg vekk investeringsplanar for over 25 milliardar. Den mest miljøvenlege kraftforedlande industrien i verda er i fare.
Denne kampen gjeld framtida for mange industrisamfunn i distrikta ( som t.d. Odda og Tyssedal, Sauda, Husnes, Høyanger og Ålvik) og Norge som industrinasjon.
Som formannskapsmedlem og Raudt-politikar i kraft- og industrisamfunnet Odda vil eg gjerne vere med å vise solidaritet ved å ta del i denne kraftdemonstrasjonen i Oslo. Eg oppmodar lokal- og fylkespolitikarar frå alle andre parti om å gjere det same.
Terje Kollbotn (Raudt Odda)

Publisert: