Kven blir ny ordførar i Odda?
Mange er opptatt av kven som blir ny Odda-ordførar etter Toralv Mikkelsen. Blir det Gard Folkvord, Terje Kollbotn, Gunn Gravdal Elton, Inge Børslien eller John Opdal? Kven er best skikka til å lede Odda kommune inn i ei ny tid etter valget?
I fjor foreslo eg i Odda kommunestyre at Odda søkte om å bli ein av femti prøvekommunar med direktevalg av ordførar. Då ville oddingane på valgdagen sjølv kunne avgjere kven av ordførarkandidatane som var best skikka, uavhengig av partisympatiar. Dette har alt vore prøvd ut med gode erfaringar i fleire kommunar. Det ville etter mitt syn styrke lokaldemokratiet og innbyggjarane sin direkte påverknad på ordførarvalget.
Men Arbeiderpartiet ville ikkje. Dei røysta ned framlegget mitt saman med FrP, Høgre og deler av SV. Arbeiderpartiet frykta nok at Terje Kollbotn då kunne bli vald til ordførar.
Terje Kollbotn er av mange rekna som den dyktigaste og ryddigaste lokalpolitikaren vi har i Odda. Han har lang erfaring, er kreativ og handlekraftig. Eg har og merka meg at Terje Kollbotn har ein framifrå god evne til å samarbeide på kryss og tvers for å få til gode løysingar både for enkeltpersonar og for Odda-samfunnet. Eg er etter kvart blitt overtydd om at skal ein få til noko i Odda-politikken så må ein samarbeide tverrpolitisk, også ovanfor sentrale styresmakter. Dette har vore ein viktig bodskap også frå Terje Kollbotn i denne valgkampen.
Sidan vi dessverre ikkje fekk direktevalg i Odda, så må alle som meiner at Terje Kollbotn vil vere best skikka som ny ordførar, røyste på RV ved lokalvalget på mandag. Følg eksempelet til ungdommane ved Odda vidaregåande skule der heile 33,9% av elevane røysta på RV ved skulevalget denne veka.
Lukke til med ditt valg!
Helsing Olaug Taklo

Publisert: