Raudt

Kart over Norge

Lokallag

Nytt blod!

Eg heiter Anders Kvestad og er lærling. Eg er ungdomskandidaten til RV i Odda. Takk til alle elevane som støtta oss i skulevalget , 33,9%. Det satte ein støkk i Arbeiderpartiet. Ungdomen i Odda er no lei prat og krangling.
Vi vil ha jobb og handling. Vi manglar lærlingar og fagarbeidarar i Odda i nesten alle fag. Eg vil inn i kommunestyret i Odda for å tala lærlingane og Oddaungdom si sak. Eg står på 5.plass på RV-lista. Gjør RV eit godt val i Odda på mandag, blir eg med i det nye kommunestyret. Då blir eg yngstemann. Eg meiner og at Terje Kollbotn frå RV hadde blitt ein god ordførar for Odda. Han er real, ung til sinns og vil garantert stille opp for ungdomen!

I fjor haust fekk Terje vedtatt i kommunestyret at det skulle lagast ein ungdomsplan i samarbeid med ungdomane i Odda. Denne skulle vere ferdig innan eit halvt år. Planen er enno ikkje ferdig. Det går altfor treigt i Rådhuset. Det vil vi gjere noe med! Mange ungdomsforslag er alt med i det nye RV-programmet .

Mange ungdomar drit i å stemma. Men ei stemma til RV i Odda er ikkje ei bortkasta stemma! Vi vil vere ungdomen si stemma i det nye kommunestyret i Odda. Vi treng nytt blod i Odda-politikken!
Stem raudt – stem RV!

Helsing Anders

Publisert: