Raudt

Kart over Norge

Lokallag

Me må våga å seia nei!

Framstegspartiet vil at kommunestyret skal seia ja i alle plan- og reguleringssaker. RV meiner at dette vil svekka lokaldemokratiet, og gje meir makt til dei som har mykje makt og ressursar frå før. Kommunestyret er ofte siste instans i slike saker, og sit med det endelege ansvaret for å ta vare på miljøet og andre samfunnsmessige omsyn, og sikra mannen i gata dei same rettane som pengesterke utbyggjarar. Høyringsinstansane har ikkje denne makta, og kan difor ikkje stoppa utbyggingar som dei meiner er svært skadelege. Då er det absurd at ein ordførarkandidat vil fjerna all demokratisk kontroll over byggjesaker.

RV er mot utbyggingar som

  • Skadar natur eller miljø
  • Strir mot våre politiske ønske om utviklinga i kommunen
  • Hindrar allemannsretten
  • Det er eit sterkt folkeleg engasjement mot

Det å gjera saksgangen enklare i administrative instansar, og minska byråkratiet, kan ein godt oppnå utan å la storkapitalen styra reguleringspolitikken til kommunen. Med Stord Frp sin politikk vil det ikkje vera mogleg å laga strandpromenade på Leirvik. Frp har no fråsagt seg retten til å ta eit sjølvstendig standpunkt til eventuelle framtidige inngrep i utmark og kulturlandskap.

Politikarane i Stord kommune har alt vist at dei er for lite viljuge til å styra utviklinga i kommunen. Det ser me resultatet av når sentrum døyr ut, all handel vert flytta til industriområdet Heiane, og private barnehagar poppar opp i tronge bustadfelt der det ikkje er plass til dei. Frp vil at lokaldemokratiet skal svekkjast enno meir. RV sine lokale representantar vil gjera sitt beste for å sikra at kommunepolitikarane gjer jobben sin som tillitsvalde for innbyggjarane i kommunen.

Mohamed Kallel

1. kandidat Stord RV

Publisert: