Raudt

Kart over Norge

Lokallag

Kraftdebatt i Odda

Ordførarkandidat Terje Kollbotn inviterer til kraftdebatt i Odda med torgmøte og debattmøte laurdag 18. august.
  • RV-leiar Torstein Dahle på stand i gågata i Odda klokka 11–13 laurdag.
  • Torgmøte med appellar frå Torstein Dahle og Terje Kollbotn klokka 13.
  • Møte på Hardanger Hotell frå klokka 1330, der Odda RV vil leggja fram ein kraft- og industriplan for Odda.

«Punkt ein i vårt lokale valprogram 2007-2011 er 'Forsvar den kraftforedlende industrien – nye industrikraftkontrakter nå!'  RV ynskjer at både fase 2-utbyggjinga på Boliden Odda og ovn 2 på TTI skal realiserast for å trygge og utvikle industriarbeidsplassane og lokalsamfunnet. Dette må kombinerast med strenge miljøkrav og energieffektivisering.

Eg inviterer no  til ein brei, tverrpolitisk dialog i Odda-samfunnet om korleis vi saman kan få dette på plass. Utan ein felles strategi ovafor sentrale styresmakter og Statkraft vil vi vanskeleg kunne nå fram. Det har mange tidlegare erfaringar i Oddas historie vist oss.»
Helsing Terje Kollbotn, ordførarkandidat for Odda RV

 

 

 

                

Publisert: