Hardangerbrua og SV
Stortingsrepresentant Ågot Valle og sekretær for Bergen SV, Kjartan Haugsnes er vonbrotne over at årsmøtet i Hordaland RV uttala seg kritisk om SV si handtering av Hardangerbrua (BT 3.3, Klassekampen 28.2).
Eg kan forstå at SV slukte ein kamel, og røysta for brua framfor å gå ut av regjeringa om det var problemstillinga. Var det det? Av omsyn til brumotstanden burde SV anten ha omtala kamelen tidleg og eksplisitt, eller kjempa mot brua til det siste. Eg opplevde at SV ikkje gjorde nokon av delane. Eit av dei siste, viktige spørsmåla var om Møreforsking, den eksterne kvalitetskontrolløren som dømte brua nord og ned som prosjekt hausten 2005, skulle høyrast av Samferdselskomiteen. Det ville ikkje komiteen. Den ville ikkje vite. Det var faktisk Frp, av alle, som i komiteen fremma kritikk av denne mangelen i sakshandsaminga. Ikkje SV. På det opne møtet i Eidfjord 25.januar, tre veker før komiteen skulle konkludere om brua, annonserte også Langeland at han ville røyste for brua. Utan argument, som ei slags religiøs bekjenning.
Sekretæren i Bergen SV seier RV trur det kjem pengar til andre ting om brua ikkje vert bygd men Ingen bru ingen pengar harselerar han. RV har aldri sagt at alle inntektene til brua kan gå til alternative føremål, men at dei 700 mill kr det er snakk om av offentlege midlar kan nyttast på betre måte. Sekretæren seier og at RV er mot bybanen i Bergen. RV har alltid vært for bybanen. Kvifor skriv sekretæren slikt tull?
SV må tola kritikk når det er så stort sprik mellom utsegner og handling som i denne saka.
Sigurd Solberg,
representant for RV i Samferdselsutvalet i Hordaland.
Publisert:






