Raudt

Kart over Norge

Lokallag

Lovlighetskontroll av reguleringsplan Smelteverkstomta

Lovlighetskontroll av vedtak i Odda kommunestyre 20.desember 2005 i sak 111/05 –Slutthandsaming av reguleringsplan Smelteverkstomta og Almerket.

Underteikna representantar i Odda kommunestyre den 20.desember 2005 viser til § 59 i Kommunelova om lovlighetskontroll av kommunestyrevedtak. Vi vil med dette ta initiativ til lovlighetskontroll av slutthandsaminga av reguleringsplan Almerket / Smelteverksområde nord i Odda kommunestyre den 20.desember 2005.

Fleire av fleirtalsvedtaka i denne saka er etter vårt syn vesentlege endringar i forhold til det reguleringsplanforslaget som Utviklingskomiteen (som fast planutval) sende ut på høyring i juni 2005 og dei innspela (høyringane) som kom.
Kommunelova § 59-2 seier at ”krav om lovlighetskontroll framsettes for det organ om har truffet den aktuelle avgjørelsen”. Om fleirtalet i Odda kommunestyre framleis ynskjer å halde fast på desse vedtaka, meiner vi at Odda kommunestyre i alle fall må gå inn for å gjennomføre ein ny høyringsrunde før denne delen av reguleringsplanen blir slutthandsama. Berre på denne måten kan Odda kommune sikre ein demokratisk reguleringsplanprosess og at innbyggjarane får høve til å påverke sluttresultatet.
Odda, den 9.januar 2006


Terje Kollbotn (RV)
Solveig Våde (RV)
Trond Seim (RV)
Terje Larsson (RV)
Elisabeth Hauge (SV)
Jan Tore Pettersen (SV)
Inge Børslien (V)

Vi viser til vårt vedlegg med nærare grunngjeving samt saksdokumenta og protokollen i kommunestyresak 111/05 den 20.desember 2005 i Odda.

Publisert: