Raudt

Kart over Norge

Lokallag

Kva no, Odda?

Hundre år etter at Odda vart grunnlagt som eit livskraftig industrisamfunn, står vi foran store utfordringar. Vi treng både fleire arbeidsplassar og fleire innbyggjarar.

Det neste halvåret skal Odda kommunestyre handsame både reguleringsplanen for Smelteverkstomta og ny kommuneplan, kulturplan og økonomiplan. Alle desse sakene er for viktige til å bli overlatt til kommunestyret åleine. Skal vi kunne lykkast, må vi ta med oss arven frå kraft- og industrireisinga i Odda/Tyssedal. Den gongen gjekk industri- og kultursatsing hand i hand. Samhold gav styrke. Smeltedigelen Odda var ope mot verda og nye impulsar utanfrå.

Her er ti forslag til kva som bør skje framover:

-Det må gjennomførast ein ny høyringsrunde og ei meir demokratisk og ryddig handsaming av reguleringsplanen Almerket / Smelteverksområde nord. Dette vil RV vere med og ta initaitiv til.

-Kommunestyret må innarbeide både friområde og bustader i reguleringsplanen Almerket/Smelteverket nord. Denne odden ut mot fjorden – som har gitt byen namn – må bli ein spanande myldreplass med kai/båthavn, kulturelle aktivitetar, forretningar/ kontor, kafedrift, bustader, servicetilbod og park/friområde både for oddingar og gjester/turistar.

-Byggvarefirmaet Monter må bli sikra ei god løysing når det gjeld arealauke og vidare utvikling på Eitrheim, slik RV foreslo i kommunestyret like før jul.

-Det omstridde stålbygget (eksportlageret) midt på Almerket blir seld, demontert og flytta - og inntektene blir nytta til å rydde opp og klargjere området for ny vekst.

-I reguleringsplanen for Smelteverksområdet sør og i kommuneplanen kjem det på plass ei varig riksvegløysing for gjennomgangstrafikken / tungtrafikken utanom Odda tettstad. Ei slik”Odda-pakke” er ein føresetnad for ei ei miljøvenleg sentrumsutvikling.

-Dei tidlegare eigarane av Odda Smelteverk A/S må overdra resten av tomta til Odda kommune vederlagsfritt. Samstundes må dei bli stilt ansvarleg for å betale all opprydning (inkludert nødvendig riving). Staten må forskottere beløpet.

-Når reguleringsplanen er klar, må Odda-samfunnet samle seg om eit felles krav til stat og fylke om sterk økonomisk medverknad til å utvikle heile Smelteverkstomta til eit mangfald av arbeidsplassar og kultur- og fritidstilbod for folk i alle aldrar, ikkje minst barn og ungdom.

-Båtinteresserte blir inviterte til å vere med på å opparbeide den nye båthavna ved importkaia (aust for Opo). Kommunen startar opp arbeidet med den nye strandpromenaden rundt odden, hengebrua over Opo og den nye turstien langs Opo.

-Det blir gjennomført ein stor Odda-dugnad for å gjere heile sentrum reint og triveleg. Smelteverksporten blir opna, gjerdene blir reve / flytta og dei første bygga som kommunen alt har overtatt, blir rusta opp og tatt i bruk

-Når alt dette er godt i gang, fortener vi ein Odda-festival - med eit allsidig program i den nye båthavna, langs Smelteverkskaia og Opo, i Dicy-lageret, på det nye Allemannsmerket (Almerket), i Lindehuset og på andre deler av tomta som i dag ligg meir eller mindre brakk.

I jubileumsåret 2006 treng vi både draumar og visjonar, realistiske og konkrete mål og ikkje minst eit breidt samarbeid og folkeleg engasjement for å nå gode resultat.

Godt nytt år!

Terje Kollbotn
Leiar i Hordaland RV og kommunestyrerepresentant i Odda

Publisert: