Budsjettkommentar frå RV til budsjettet for Odda kommune
Onsdag før jul kutta den nye storkoalisjonen (AP,SV,SP,H, V, FrP og Demokraten) 10 mill. i kommunebudsjettet i Odda. 25-30 årsverk skal vekk i 2006/2007.
I Hardanger Folkeblad lille julaften seier gruppeleiaren i Høgre, Nils Petter Freim: Det er komplett umogleg å samarbeide med RV, som i mange av sine forslag brukar pengar som rett og slett ikkje finnes. RV er useriøst. At RV i sitt forslag går inn for å bruke pengar som ikkje fins, stemmer ikkje. RV vil derimot nytte inntektene til kommunen og staten på ein annan måte enn storkoalisjonen gjer. Vi prioriterer annleis. Vi går imot kutt i t.d. grunnskulen og kultur - og vil heller kutte meir i t.d. ein topptung administrasjon, i politisk kapittel / møtegodtgjersle og kirkelege formål ( tilsaman 3,5 mill. i forhold til formannskapet si fleirtalsinnstilling).
På grunn av at fleirtalet i kommunestyret gjennom fleire år har sløst vekk millionar på undøvendige konsultentoppdrag, store tillegg i leiarløner, forskottert 10 mill. i kommunale midlar i ei dårleg og kortsiktig riksvegløysing (Opheimsgata) og andre feildisposisjonar av kommunale ressursar (t.d. sal av Aldersheimen og konsesjonskrafta) mot RV sine røyster, har Odda kommune ein vanskeleg økonomi.
Dette er blitt forsterka av den skandaløse nedleggjinga av Odda Smelteverk A/S, manglande statleg og fylkeskommunalt engasjement for å utvikle nye arbeidsplassar i Odda etter konkursen, samt sulteforing av kommunane under Bondevik II-regjeringa og kommunalministeren frå Høgre, Erna Solberg.
I denne vanskelege situasjonen inviterte RV resten av kommunestyret til å be den nye regjeringa og Stortinget om å innfri lovnadene om auka overføringar til skule og eldresatsing i kommunane i revidert nasjonalbudsjett våren 2006. Ei slik fellesfråsegn frå kommunestyret hadde kosta lite og kunne ha gitt kommunen noen ekstra millionar i løpet av 2006. Dette vart nedstemt av fleirtalet.
RV foreslo og at kommunestyret etablerte eit Utviklingsfond på 6 mill. til utvikling av arbeidsplassar på Smelteverkstomta ( 2 mill.), kulturfondet ( 1 mill.) , næringsfondet (1 mill. ) og opprustning av kommunale bygg, vegar og parkar og betre tilretteleggjing for funksjonshemma i 2006. Dette forslaget skulle finansierast av eit kortsiktig låneopptak som skulle nedbetalast over 3 år frå årlege meirinntekter på 14 mill. f.om. 2007 frå kraftleige heimfall (Tysso II) og konsesjonskraftinntekter. Eit slikt kommunalt fond kunne gje grunnlag ein ny giv og ny vekst innan næringsutvikling og kultur, og blitt nytta som kommunal eigenandel i prosjektstønader til fylke og stat i 2006. Men den nye storkoalisjonen sa og nei til dette framlegget. Det same gjorde dei til vårt framlegg om å setje av kr. 100.000 til eit Profileringsfond til unge oddingar som gjer det bra innan idrett/kultur og kr. 400.000 til Aksjon Eit reint Odda i 2006 finansiert ved å redusere prosjektet Odda i Utvikling med tilsaman 0.5 mill.
Eg vil oppmode alle som er interesserte i å setje seg inn i RV sine alternative budsjettframlegg om å ta kontakt med oss eller lese protokollen frå det siste kommunestyremøtet istadenfor å tru på representantar frå storkoalisjonen si framstilling av våre framlegg. Det stemmer heller ikkje at det er komplett umogleg å samarbeide med RV, slik Nils Petter Freim hevdar.
RV vil gjerne samarbeide på sak med alle som vil vere med på å utvikle Odda. Under budsjetthandsaminga i fjor og budsjettkorrigeringa i vår samarbeidde RV med Høgre og dei andre borgerlege partia om eit budsjettframlegg som styrka skule, kultur og helse. No har Høgre og dei andre borgarlege partia snudd og gått saman med AP/SV/SP om å svekkje skule, kultur og helse. Då er det ikkje lenger grunnlag for budsjettsamarbeid for år 2006 med RV i Odda.
Terje Kollbotn
Gruppeleiar for RV i Odda
Publisert:






