Raudt

Kart over Norge

Lokallag

Ubrukelege rapportar frå Agenda

Raud Valallianse er sterkt kritiske til rapportane konsulentfirmaet Agenda utredning og utvikling har laga for kommunane Bømlo og Stord.

–Desse rapportane er laga berre ut frå kor lite pengar det er mogleg å bruka, ikkje kva som er forsvarleg, seier Kjetil Grønås, leiar i Stord RV. –Agenda har ikkje undersøkt kva kommunane får for pengane, berre kor mykje dei har brukt. Å analysera tenestenivået i ein kommune utan å undersøkja korleis det går med innbyggjarane som brukar tenestene, er grotesk og umenneskeleg, hevdar Grønås.

Agenda har ved samanlikning med andre kommunar rådd til nedskjeringar på 25 millionar kroner i Bømlo kommune, og 55 millionar i Stord kommune. RV meiner dette er uforsvarleg. –Konsulentfirmaet har ikkje undersøkt korleis tenestebehova faktisk er i dei ulike kommunane. Det har ikkje møtt ein einaste brukar, ikkje snakka med ein einaste av dei tilsette som arbeider med oppgåvene som har så mykje å seia for folk. Dei har berre undersøkt kva kommune som brukar minst pengar per innbyggjar, noko som ikkje treng ha noko å gjera med korleis folk i kommunen har det, seier Grønås. –Alle skjønar at å skjera ned på helsebudsjettet i Bømlo med ni millionar, vil gå ut over brukarane, og at kvaliteten må senkast for å spara 21 millionar i omsorgssektoren i Stord kommune, legg han til. Det at det fleire stader i rapporten står feil namn på kommunane som er med i analysen, meiner Grønås er eit teikn på at dette er hastverks- og samlebandsproduksjon frå Agenda si side.

Leiar i Raud Valallianse, Torstein Dahle, er opprørt over rapportane frå Agenda. –Fagleg sett held dei ikkje mål, seier Dahle, ein kvar person med ei kuleramme og litt interresse for statistikk kan laga slike samanblandingar av KOSTRA-tal og laga fine fargerike diagram. Og konklusjonane er heilt gjennomsiktige og innlysande med den framgongsmåten som er brukt - og utan dekning i den verkelege verda. Alle slike rapportar vil konkludera med at kommunen det gjeld, kan spara pengar, meiner Dahle.

Kjetil Grønås håpar at kommunepolitikarane ikkje tek til følgje råda som dei får frå Agenda. –Å kasta hundretusenvis av kroner etter eit så useriøst firma, som ikkje ein gong klarar å gje ut rapportane sine på kommunen si eiga målform, er dumt nok i seg sjølv. Å skjera ned budsjettet enno meir i ein situasjon der offentlege tenester alt er skorne til beinet, vil vera ein tragedie for innbyggjarane i kommunane. Ein burde heller ha evaluert kvaliteten på dei offentlege tenestene, og utarbeidd ein rapport der innbyggjarane sine reelle behov står i sentrum, ikkje kostnadane, avsluttar Grønås.

Publisert: