Raudt

Kart over Norge

Lokallag

No har samfunnet betre kunnskap om Hardangerbrua!

Etter at dei eksterne kvalitetsrapportane om Hardangerbrua vart offentlege sist fredag, har det norske samfunnet fått betre kunnskap om brua.

Eg siterar frå samandraget i Møreforsking sin rapport:
”Selv med en revidert beregningsmetodikk og redusert kalkulasjonsrente vil prosjektets samfunnsmessige avkastning i første driftsår være så lav at konklusjonen i beste fall blir at det bør utsettes 10-15 år”.

Eg vil peike på fleire poeng frå kvalitetsrapportane:

• Hardangerbrua er eit svært dårleg samfunnsøkonomisk prosjekt understrekar Møreforsking. Det har vore mykje kritikk i bruprosjektet - og i andre prosjekt - av den gjeldande norske måten å rekne lønsemd på, med 8% kalkulasjonsrente. Med lågare rente, som dei til dømes nyttar i Sverige, ville prosjektet få betre lønsemd. Men dersom kalkulasjonsrenta vert redusert, vil alle prosjekt med langsiktig investering i infrastruktur bli meir lønsame. Slik endring i lønsemd kan ikkje vere noko argument for å løfte fram akkurat Hardangerbrua. Møreforsking seier i sin rapport at sjølv med revidert metodikk og lågare kalkulasjonsrente vil den samfunnsmessige avkastinga i dei fyrste driftsåra vere så låg at prosjektet i beste fall bør utsetjast 10-15 år.

• Hardangerbrua kan binde opp ein uheldig struktur i det framtidige vegsystemet nord-sør og aust-vest. Brua vil påverke trafikkgrunnlaget og samfunnsmessig lønsemd for mange prosjekter som er vedtekne, under planlegging eller på idéstadiet, men brua er ikkje analysert i ein slik større strategisk samanheng. Tilrådinga frå Møreforsking til Departementet lyd slik: ”Endelig vedtak om utbygging bør utsettes i påvente av en bredere analyse av den strategiske karakter som ovenfor nevnt. Det er ingen viktige samfunnshensyn som tilsier at det haster med en gjennomføring.”

Samferdselsdepartementet har i Stortingsproposisjonen ikkje tatt omsyn til råda om strategisk analyse, men er blitt politisk instruert til ikkje å stoppe rask utbygging av brua fordi ho på nokre vis vil gje betre kommunikasjonar - og fordi Hordaland fylke så sterkt ynskjer brua. Departementet har lagt vekk den faglege tilsynsrolla fordi nokon vil ha ei bestemt løysing.

• Bruprosjektet har fleire grunnleggjande svakheiter:
- Kostnadsanslaget har svakt grunnlag og stor usikkerheit. Det er rein slump at
vegvesenets anslag ligg nær anslaget til Metier.
- Trafikkutviklinga er høgst uviss. Bruavgifta og andre bomavgifter i regionen kan
påverke trafikken på brua sterkt.
- Innsparinga av ferjesubsidiar er høgst uviss. Brua påverkar fleire ferjesamband, og
det er mogeleg at totale ferjesubsidiar i fylket vil auke med brua.
- Tungtrafikken er ikkje analysert for seg, berre utviklinga for personbiltrafikken er
tatt omsyn til. Tungtrafikken gjer heilt andre val – og er svært uviss. Utviklinga på
Bergensbanen syner elles sterk vekst i transport av trailerar og lastebilhengarar på
tog (godstogpar nr 6 mellom Bergen og Østlandet startar i desse dagar), slik at
prognosane for brua ikkje bør vere for optimistiske.

Ingen gratis lunsj : Det er brukt som eit argument for brua at det er trafikantane sjølv som betaler, det kjem pengar som ikkje vert teke frå andre oppgåver. Samfunnsmessig kan sjølvsagt alle dei 2.2 milliardane til brua nyttast på andre måtar. Eit dårleg samferdselsprosjekt og ein dårlig struktur på vegsystemet i Noreg er på litt sikt ei sørgjeleg løysing for dei fleste – også for dei som vinn litt tid nokre få år. I tillegg er det slik at Hardangerbrua også direkte tar pengar frå betre føremål: 180 mill kr blir tatt frå riksvegpotten og 360 mill kr blir tatt frå næringsutvikling andre stader i Hordaland – til dømes i Odda. Dei 1,5 milliardar kroner i bompengar kjem heller ikkje ramlande ned frå himmelen – det aller meste vert betalt av privatpersonar og næringsliv i Hordaland, som vil få ein meirkostnad i høve til konkurrentane sine.

Tvilsamt fleirtal : ”Det er klart fleirtal for brua” – heiter det. Ja, på eit ikkje-problematisert grunnlag er det fleirtal. Det kan sjølvsagt vere kjekt å ”få” bru. Men om folk får alternativ er det annleis. Eit massivt fleirtal ville ha rassikring heller enn bru når det ble presentert som alternativ. Vi trur at eit folkefleirtal i Hardanger ikkje vil ha Hardangerbrua om dei blir presenterte for ulempene og manglane ved prosjektet.

Den nye kunnskapen om Hardangerbrua – og den nye situasjonen som Stortingsproposisjonen lagar - stiller krav til mange. Er det greitt for politikarane i Hordaland å slutte opp om ei lynrask avgjerd om bruløysing? Er det OK for det nye Stortinget å gå for ei løysing utan overordna analyse fordi Hordaland vil så sterkt?

Hordaland RV v/Torstein Dahle

Publisert: