Raudt

Kart over Norge

Lokallag

Val 2005 og verdiar

I dette valet er det mykje snakk om verdiar og Kristeleg Folkeparti utropar seg som vanleg som verdipartiet fram for nokon.

Men også på den raud/grøne sida vert det snakka mykje om solidaritet og verdiar. Men la oss sjå litt på realitetane bak alt snakket. Den alvorlegaste saka i verda i dag vert nesten ikkje nemnt. Kvar einaste dag heile året igjennom døyr det 50 000 menneske av svolt og svoltrelaterte sjukdommar. Av desse er ca 30 000 born. Kvifor svelt 18 250 000 menneske i hel kvart einaste år? Finst det ikkje nok mat? La oss med ein gong slå fast at det finst nok mat til at alle kan eta seg mette. Den vesentlegaste årsaka er eit urettferdig handelssystem påtvinga resten av verda av USA, EU og Japan. Det er eit økonomisk system for den sterkaste sin rett. Det vert kalla markandsliberalisme. Eg kallar det fasisme på den økonomiske måten. Med eit fint ord vert det kalla strukturert vold. Eg kallar dette råbarka økonomisk terror. Med den statskuppliknande innføringa av EØS-avtalen regissert av Gro Harlem Brundtland og Kjell Magne Bondevik, har også marknadsliberalismen gjort sitt inntog i Noreg. Resultatet er aukande forskjellar og eit veksande fattigdomsproblem. Dette er eit langt større problem enn det politikarane vil vera ved. Dei 2 milliardane Bondevik har løyvt til å bøta på problemet, rekk berre til å ta toppen av isfjellet av fattigdommen politikken hans har skapt. Bondevik skryter også av at vi aldri har løyvt meir til bistand enn no. Men når løyvingane vert nytta til å betale for asylmottak, heimsending av flyktningar og til ingeniørtroppar i Irak, må ein ha lov til å spørja seg kva slags bistand dette er. Er det til hjelp for dei fattige? Ein stor del av resten av bistanden vert kanalisert gjennom Det Internasjonale Pengefondet og Verdsbanken, som stiller krav for hjelp at landa opnar merknadene sine for multinasjonale selskap slik at dei kan halda fram med å plyndra landa for ressursar utan å leggja noko att. Bistand til fortsatt plyndring og fattigdom vil eg kalla det. Men kva kan ein gjera med det? Når 50 000 menneske døyr dagleg, så er det som ein følgje av ein vilja politikk. Å få slutt på det er derfor også berre eit spørsmål om vilje. For 1/10 av USA sitt forsvarsbudsjett kan til dømes alle born få eta seg mette, få grunnleggjande skulegong og få tilgong til tilfredsstillande helsetenester. For eit einaste jagarbombefly kan det byggjast 60 moderne sjukehus. Ikkje fortel at det ikkje er mogleg å utrydda svolten. Den kan utryddast på kort tid. Det er kun spørsmål om vilje. Men vil Bondevik og Stoltenberg? Det er det store spørsmålet. Vi i RV vil.

Kristian Kjellstadli
RV i Ullensvang

Publisert: