Raudt

Kart over Norge

Lokallag

Udemokratisk spel om Hardangerbrua

Den eksterne kvalitetssikringa av Hardangerbrua er klar, men resultatet av arbeidet er ikkje offentleg.

Hordalandsrepresentanter frå regjeringspartia ( pressemelding frå Høgre sitt partikontor i Hordaland) seier at rapporten er positiv for trafikktal og finansiering, og bruforkjemparane ser på denne ytringa som grønt ljos for brua. Men slik er det ikkje.

Regjeringa er ikkje samd om å gå for brua – og det er stor uvisse om kva som er kvalitetsvurderinga sin konklusjon. Det er svært truleg at kvalitetsvurderinga sine hovedkonklusjonar går mot brua – at brua er eit samfunnsmessig ufornuftig prosjekt og at andre løysingar er betre og rimelegare. Men dette får vi altså ikkje vite! Samferdselsdepartementet har lagt lokk på rapporten til resultatet er orientert om overfor Stortinget. Dette er eit udemokratisk spel! Bruforkjemparane har kontroll over informasjonen, refererar berre det som passar og held kjeft om resten. Den einaste demokratiske løysinga er at kvalitetsvurderinga straks blir offentleg – slik at alle kan sjå.

Ikkje tru på den avgrensa, glansa forteljinga om Hardangerbrua! Brua tek 350 millionar av konsesjonsmidlane i Hordaland – og stengjer for næringsutviklingsprosjekt andre stader i fylket. Ho tek og om lag 200 millionar frå betre prosjekt langs riksvegnettet. Brua er eit svært kostbart og unødvendig prosjekt.

Sigurd Solberg,
Hordaland RV

Publisert: