Skulebrakval for RV 22% og størst i Odda!
Det var svært gledeleg og inspirerande at RV er blitt det største partiet ved Odda vidaregåande skule og ei klår motvekt til FrP-framgangen i skulevalet på landsplan, seier Terje Kollbotn leiar i Hordaland RV
At heile 64 elevar har RV som sitt førsteval viser at mange ungdom i Indre Hardanger ynskjer ein ny og meir radikal politikk , er utålmodige og no ser behovet for ein aktiv talsmann på Tinget til venstre for ei ny AP/SV/SP-regjering etter valet.
RV har i valkampen presentert ein verkeleg raud/grøn politikk som vi ynskjer å fylgje opp med konkrete forslag på Stortinget. Ikkje minst gjeld det lokale saker som rimeleg kraft til industrien, 400 millionar til Smelteverkstomta, styrking av lokalsjukehusa, ein gratis og god offentleg skule, ras- og trafikksikring og gratis ferjer i staden for Hardangerbrua. Dessutan står vi for klår motstand mot EU/EØS og ein offensiv freds- og miljøpolitikk.
Ved skulevalet i Odda for to år sidan vart Demokratene det neststørste partiet. Dette har heldigvis snudd. Ved det endeleg kommunevalet i Odda vart RV det neststørste partiet, etter AP, med 16,3 %. Det er grunn til å tru at mange elevar i Odda har lagt vekt på kva RV har gjort i praksis her lokalt dei to siste åra.
Sjølv om RV gjekk attende i skulevala i Hordaland, fekk RV på landsplan tilsaman 4,3 %. Sjølv om vi hadde større forventningar til landsresultatet, ville dette likevel ha gitt RV 8 mandat på Stortinget om skulevalet hadde blitt det endeleg valresultatet.
RV er nøkterne optimistar og vonar no at det gode skulevalresultatet i Odda vil slå positivt ut i Indre Hardanger på mandag og sikrar at Torstein Dahle og RV får sitt første stortingsmandat frå Hordaland. Det vil bli fire aktive år på Tinget i nær kontakt med innbyggjarane i heile fylket.
AP + SV + SP fekk i skulevalet i Odda til saman 39,1 %. Saman med RV si rekordoppslutning fekk desse partia til saman 61,1 %, medan regjeringspartia Høgre + Venstre + KrF til saman berre fekk 13,0 %. Det er og ei gledeleg utvikling!
Terje Kollbotn, stortingskandidat frå Odda og leiar i Hordaland RV.
Publisert:






