Raudt

Kart over Norge

Lokallag

Folkerøysting i Hardanger om Hardangerbrua!

Om RV i Hordaland kjem inn på det nye Stortinget med vår førstekandidat ,Torstein Dahle, vil vi foreslå ei rådgjevande folkerøysting om Hardangerbrua i heile Hardanger før slutthandsaminga i Stortinget.

Dette demokratiske kravet vil vi reise på bakgrunn av at brutilhengjarane no gir inntrykk av at Hardangerbrua til 2 millardar er eit folkekrav i heile Hardanger. Dette er etter vår oppfatning sterkt misvisande!

Etter at regjeringspartia kom med si pressemelding for bru 31.august, har RV fått mange tilbakemeldingar frå folk i Hardanger som er opprørte over bruframlegget og dei overfladiske argumenta for prosjektet.

I både Jondal, på vestsida i Ullensvang og i Odda er motstanden blant vanlege folk svært stor. I Kvam og dei andre Hardangerkommunane er det og delte meiningar. Kva som er den verkelege folkemeininga i Hardanger i denne saka kan berre avklarast gjennom ei rådgjevande folkerøysting før Stortinget tar si endelege beslutning om evt. byggjing av Norges lengste hengebru.

Om brutilhengjarane er sikre på at dei har fleirtalet av hardingane i ryggen i denne saka, bør dei no stø kravet om ei rådgjevande folkerøysting. I motsatt fall kan dei ikkje ha særleg tiltru til sine eigne argument.

Ei slik rådgjevande folkerøysting vil først kunne skje etter at det er lagt fram ein ny stortingsproposisjon med ei gjennomarbeidd konsekvensanalyse når det gjeld kostnader, finanisering, framtidige trafikkprognosar – og helst ei alternativ løysing med eit betre ferjetilbod Brimnes - Bruravik.

RV har saman med SV og Venstre røysta imot dette gigantprosjektet i Hordaland Fylkesting. Vi meiner at det er stormannsgalskap og feilslått miljø- og samferdslepolitikk å byggje ei slik bru langt inne i ein fjordarm der ferja tar ti minutt. No har Venste snudd. Venstre-leiaren Lars Sponheim har gått inn for brua i regjeringa. Vi er og skuffa over at stortingskandidaten til SV frå Hardanger, Bjørn Lothe, i Hardanger Folkeblad 2.september seier at ”Ullensvang SV innser at kampen mot brua er over for deira del”.

RV derimot meiner at dei saklege argumenta mot brua står sterkare enn nokon gong. Før ei rådgjevande folkerøysting i Hardanger får brutilhengjarane og brupartia høve til å få brynt seg i ein sakleg debatt – medan dei no berre dekkjer seg bak at ”Hardanger er for bru”.

Torstein Dahle foreslo ei rådgjevande folkerøysting då Nasjonal Transportplan 2006-2015 var til handsaming i Fylkestinget i vår. Då fekk dette berre RV sine røyster. Men både FrP og SV går i sine program for neste stortingsperiode at mange politiske avgjerder bør takast av folk sjølve t.d. gjennom folkerøystingar. No bør hardingane få sagt sitt i bru-saka. Etter at denne saka er avklart på demokratisk vis, er det behov for å byggje nye politiske bruer mellom folk i Hardanger for å ta fatt på dei verkeleg store utfordringane i Hardanger: t.d. ras- og trafikksikring, betre ferjetilbod og kollektivtilbod, utvikling i staden for avvikling av industri og landbruk, vanskeleg kommuneøkonomi, EU/EØS-tilpasning og Smelteverkstomta i Odda sentrum.

Terje Kollbotn, leiar i Hordaland RV
For ytterlegare kommentarer: ring tlf. 97194073

Publisert: