Outsideren RV
Etnemarknaden starta torsdag med ein valdebatt med temaet: « Bør det sentraliserast?» Dei landsdekkjande partia som er på Stortinget, var inviterte. Det var synd at Etnemarknaden ikkje inviterte Torstein Dahle, RV-leiar og RV sin 1. kandidat i Hordaland.
Det trengs idag nytt, friskt og raudt blod i dei politiske
debattane før valet og ikkje minst i det nye Stortinget. Torstein
Dahle var svært nær å kome på Tinget frå Hordaland for 4 år sidan. Han
har gode mandatsjansar denne gongen som ein verkeleg raud-grøn
tingrepresentant. Og det gjeld ikkje berre i ord, men i handling! La
meg minne om at sentraliseringa av makt, kapital og arbeidsplassar
har skjedd i dette landet anten AP, SP,KrF, Venstre eller Høgre har
vore ved regjeringsroret. Det gjeld sovel innan post, tele,energi og
samferdsel som innan landbruk og industri. AP, SV og SP vil føre ein
meir radikal og venstreorientert politikk enn dagens regjering. Det
skal jammen ikkje mykje til! RV på plass i det nye Stortinget vil
alliere seg med den radikale delen av fagrørsla, miljørørsla ,
bondeorganisasjonar og ulike aksjonsgrupper for å snu den rådande
utviklinga. Det er no behov for at det verkeleg blir satsa på å
utvikle distrikta der naturressursane er, verdiane blir skapt og folk
gjerne framleis vil bu og jobba. Arbeidsprogrammet vårt er eit program
for eit meir desentralisert samfunn og at distrikts-Norge er liv laga
og kan utvikle seg. Vi vonar at Etnemarknaden har plass til det
verkeleg raud-grøne partiet ved neste høve!
Terje Kollbotn frå Odda
(leiar i Hordaland RV)
Publisert:






