Raudt

Kart over Norge

Lokallag

Ny kurs?

Folk ser ut til å ha fått meir enn nok av Bondevik II regjeringa og det den står for. Det raud/grøne alternativet av AP/SV/SP ser ut til å gå seirande ut av valet til hausten. Ny kurs er eit av slagorda. Men er det no så sikkert at det vert nokon ny kurs...

La oss sjå litt på kva partia har stått for så langt. Det var Senterpartiet som gjekk i spissen for fullt frislepp i energisektoren. AP og SV hadde ikkje større innvendingar. Resultatet er dyrare straum og at mange verksemder som hadde billeg straum som sitt største konkurransefortrinn gjekk over ende. Mange av desse låg i distrikta. Både AP og SV røysta for privatisering av kollektivtransporten i 1991. AP har vore spydspissen for marknadsliberalisme i Noreg mellom anna ved å leggja til rette for kommersialisering og privatisering i statleg sektor. Telenor, Posten og NSB vart gjort om til A/S for å leggja til rette for det. Både SP og SV har delvis vore med. Det var også AP som av same årsak gjekk i spissen for delprivatiseringa av Statoil. Resultatet er at private aksjonærar; for det meste amerikanske storbankar, i 2004 kunne ta ut 3,3 milliardar i utbytte frå Statoil. AP er tydeligvis meir opptekne av å fylla opp lommene til utanlandske storkapitalistar enn å sikra norske pensjonistar gode vilkår, jf. Pensjonssaka. Internasjonale avtalar som WTO-avtalen med vedheng, EØS-avtalen og NATO set dessutan snevre grenser for ein ny politisk kurs. AP har så langt ikkje ein gon vore villig til å utnytte det lille spelerommet avtalene tross alt gir. Der i garden har det derimot vore viktig å vera best i klassen med omsyn til liberalisering og marknadstilpasning. Ny kurs? NEPPE. Dersom ein ønskjer ny kurs er det i dag berre eit alternativ: RV.

Kristian Kjellstadli
RV i Ullensvang

Publisert: