EU og respekten for grunnlova
Både i 1972 og 1994 hadde vi rådgivande folkerøystinar om medlemskap i EU. I den norske forfatninga har vi ikkje noka ordning med bindande folkerøysting, men Stortinget kan be folket om råd gjennom ei rådgivande folkerøysting.
Men det er uansett Stortinget som på fritt grunnlag skal ta stilling til spørsmålet om medlemskap. Når det gjeld så gjennomgripande suverenitetsavståingar som eit EU-medlemsskap, så krev Grunnlo0va at slike vedtak må gjerast med minst ¾ fleirtal. Det er fleire grunnar til dette. Eit så vidfemnande og avgjerande vedtak som å slutte seg til ein union bør det vere brei oppslutning om i folket og ikkje vera eit resultat av tilfeldige, kortvarige stemningsbølgjer. Her har vi med 2 grunnleggjande demokratiske prinsipp å gjera. Det eine er det viktige demokratiske prinsippet om respekt for mindretalet. Dette er spesielt viktig i ei så vidtrekkjande sak som medlemsskap i ein union. Det andre er at i så vidtrekkande saker er det viktig å tenkja seg godt om. Dei bør ikkje verta avgjort av tilfeldige stemningsbølgjer i folket.
JA-sida veit at skal dei følgje dei kloke og demokratiske spelereglane i grunnlova, så vil dei aldri få stort nok fleirtal for å gje opp vårt sjølvstende og slutte seg til ein union. Dei prøver derfor på ulike måtar å omgå desse reglane. Det gjer dei mellom anna ved å utlyse ei rådgivande folkerøysting. Dersom det vert eit ja-fleirtal i folkerøystinga; stort eller lite, så må Stortinget følgje denne. Alt anna vert framstilt som udemokratisk. Stortingsrepresentantar som er i mot skal tvingast til å stemma mot sitt samvit og si overtyding. Svært så demokratisk Kvar er respekten for grunnlova og Eidsvollverket? Kvar er respekten for hevdvunne demokratiske prinsipp? For å gardera seg om dei ikkje får det til på ovenståande måte, så freistar dei no å få endra grunnlova slok at det greier seg med 2/# fleirtal. Respekten på JA-sida for demokratiske prinsipp står ikkje nett i høgsetet.
Kristian Kjellstadli
RV i Ullensvang
Publisert:






