Ein alternativ kraftpolitikk!
Det trengs verkeleg ein kraft- og industripolitikk som kan sikre den kraftforedlande industrien i Odda (Boliden og TTI) og i Norge nok kraft, rimeleg kraft og langsiktig kraft.
I Hardanger Folkeblad mandag 4.juli har Einar Mikkelsen og Trygve Syse innlegg i kraftdebatten. Det trengs verkeleg ein kraft- og industripolitikk som kan sikre den kraftforedlande industrien i Odda (Boliden og TTI) og i Norge nok kraft, rimeleg kraft og langsiktig kraft. Men verken Mikkelsen eller Syse gir gode, klåre og konkrete svar på korleis dette kan skje. Det hjelp lite å vere skuffa over at ei kontroversiell kraftutbyggjing på 97 GWh ved inngangsporten til Folgefonn Nasjonalpark no er skrinlagt. Ei slik utbyggjing ville i beste fall berre gitt Boliden Odda og TTI kvar 39 GWh i tilleggskraft - basert på at dei eig 40 % i A/S Tyssefaldene , medan Statkraft ville ha solgt resten (19 GWh). I planane låg det heller ingen garanti for at den relativt dyre Blåvatn-krafta ville blitt nytta til industriproduksjon i Odda. 39 GWh er vel 6% av dagens kraftforbruk ved Boliden Odda (620 GWh) og berre ca. 3 % av deira framtidig kraftbehov (1300 GWh). La oss heller sjå på korleis ein større del av den totale kraftproduksjonen i Odda (ca. 5000 GWh) kan nyttast til lokal verdiskaping og foredling (inkl. energieffektivisering) istadenfor til eksport ut av Odda. Syse hevdar at i dagens marknadsliberale kraftsystem er dette håplaust og absurd . I so fall er det dagens kraftpolitikk som er absurd og må endrast! Då trengs det tverrpolitisk opptreden i Odda i allianse med andre kraft- og industrisamfunn. Etter RV sitt syn er det samfunnsøkonomisk fornuftig at rimeleg lokal kraft utbygd for industriformål blir nytta til å sikre og vidareutvikle lokalsamfunna. Difor var det ei skandale at dei nye eigarane av Odda Smelteverk AS, Phillip Brothers, i 1999 fekk høve til å selge smelteverkskrafta (350 GWh) til Statkraft istadenfor til lokale industriformål. Ingen andre enn RV reagerte offentleg på dette kraftsviket. Det var og eit kraftsvik at dei andre partia i Odda kommunestyre i 2002 gjekk inn for å selge kommunen si konsesjonskraft (120 GWh) til Søral på Husnes i 10 år istaden for til innbyggjarane og lokalt næringsliv. Dette representerer eit tap på mangfoldige millionar årleg for Odda-samfunnet.
Det var gledeleg at Odda kommunestyre den 28.februar 2005 vedtok fylgjande:
Odda kommunestyre går inn for at Stortinget gir private kraftselskap som helt eller delvis er eid av kraftforedlende industri, adgang til å fornye kraftkonsesjoner i minst 60 nye år forutsatt at den lokale krafta blir brukt til å videreutvikle disse industribedriftene. Odda kommune går inn for at Stortinget gjør de nødvendige tiltak for at staten via Statkraft bruker hjemfalt kraft som et industripolitisk virkemiddel for å sikre den kraftkrevende industri tilstrekkelig rimelig kraft i framtida. Dette vart samrøystes vedtatt, etter framlegg frå RV. Dette var ein del av ei fråsegn til det nye Stortinget som etter valet skal handsame ein ny, langsiktig kraftpolitikk og endring av reglane om heimfall. Det var mindre gledeleg at fleirtalet i kommunestyret (15 mot 12) avviste fylgjande tilleggsframlegg frå underteikna:
Odda kommune tar initiativ til eit nytt prosjekt Industrikraft i samarbeid med industribedriftene, AS Tyssefaldene og fagbevegelsen slik at krafta som blir produsert i Tyssedal i større grad blir disponert for å dekkje Odda-industriens framtidige kraftbehov.
Det var i fyrste Arbeiderpartiet, Høgre og FrP som røysta imot dette forsøket på å utvikle ein alternativ lokal kraftpolitikk medan motstandarane av Blåvatn kraftverk røysta for dette RV-framlegget. Kan hende er det no grunnlag for å ta dette initiativet opp på nytt?
Terje Kollbotn (RV)
Publisert:






