Raudt

«Vårt arbeid – vår velferd»
Kart over Norge

Lokallag

Prosjekt Handlefridom må stoppast

Pressemelding fra Hordaland RVs fylkestingsgruppe, om det fylkeskommunale Prosjekt Handlefridom.

Tirsdag og onsdag i neste veke er det Fylkesting og ein av sakene som skal handsamast er Prosjekt Handlefridom. Framlegga er mellom anna ein rekke kutt i tilbodet til såkalla svakare gruppar i fylkeskommunen.

Fylkeskommune prøver å fraskrive seg ansvaret for elevgrupper som
- har psykiske problem, ved å kutte i tilbodet ved Kyrre og Valekrossen
skular
-elevgruppar som treng eit fjerde og femte opplæringsår, ved å stramme inn på bruken av utvida opplæringstid
- elevgruppar med nevrologiske lidingar, ved å kutte i Ulriken skulesenter, avdeling Vestlund
- elevgruppar med tale og språkvanskar som treng opplæring, ved å kutte i Ulriken skulesenter si Logopedisk klinikk

Fylkeskommunen prøver seg på at opplæring av desse gruppane ikkje er ein lovpålagt oppgåve, men innrømmer at det er gråsoner og uvisse om kven si oppgåve dette er.

RV er prinsippielt mot Prosjekt Handlefridom, primært fordi det er usosiale kutt. Me meinar at dei områda koalisjonen vil kutte i er områder me må satse endå meir på. Fylkeskommunen har berre skule og vegar igjen, no vil dei kutte i skulen. Kva skal dei då med handlefridomen?

RV krever at Prosjekt Handlefridom vert stoppa.

Om framlegget om stans ikkje går igjennom, krever RV at i dei sakene kor koalisjonen meinar at dette ikkje er lovpålagde fylkeskommunale oppgåver, må andre instansar ta ansvar før fylkeskommunens vedtak trer i kraft.


Sunniva Schultze - Florey
Gruppeleiar Hordaland Raud Valallianse
Medlem i opplærings og helseutvalet
sunniva@rv.no

Torstein Dahle
Fylkestingsmedlem
Leiar i RV

Publisert: