EØS og kraftrevolusjonen på 90-talet
Kronikk i Klassekampen 30 april 1999, av Terje Kolbotn
Dei siste ti åra har det skjedd ein marknadsliberalistisk revolusjon i Noreg. Det starta får alvor i 1990, då regjeringa Syse la fram forslag til ny energilov etter initiativ frå olje- og energiminister Eivind reiten frå Senterpartiet. Stortinget slutta seg til denne lova utan større innvendingar i juni 1990.
Hovedinnhaldet var å definere energi som ei vare og leggje opp til at elektrisitet skulle bli produsert, distribuert og omsatt på kommersielle vilkår. Denne nye politikken var heilt i tråd med den nye utviklinga innan EU på slutten av 80-talet. Men elektrisitetslandet Noreg ønska å vere i forkant og bli europameister i kraftliberalisme. Då DNA-regjeringa overtok att i november 1990, vart denne politikken i all hovudsak vidareført av Stortinget.
Mellom anna vart Statkraft endra gjennm Stortings proposisjon 100 (1990-91) til å drive på forretningsmessige vilkår. Her skriv m.a. DNA-regjeringa: "Marknadsorienteringen av norsk kraftforsyning faller sammen med anstrengelsene internasjonalt for en friere omsetting av energi". I TB - fagbladet til Norsk Tjenestemannslag (NTL) kommenterte Landsforening 120 (LO_organiserte i Statskraft og NVE) utviklinga slik i januar 1993: "Vi konstaterer at det måtte en arbeiderpartiregjering til for å gjennomføre høyrebølgen i norsk kraftfrsyning". Dei peika m.a. på at regjeringa sin politikk m.a. hadde ført til at "statens muligheter til å bruke energipolitikken som et styringsredskap i industri- og energipolitikken er sterkt svekket". I 1992 trumfa DNA-regjeringa igjennom EØS-avtalen i Stortinget. Dette var ein omfattande avtale som steg for steg bind Noreg til EU sin økonomiske politikk og EU sitt omfattande lovverk. Dei ivrigaste EU/EØS-tilhengjarane, spesielt innan AP/LO-toppen, hevdastadig vekk at EØS avtalen ikkje omfatta energiområdet. Mange i fagrørsla beit på denne løgna. Men i EØS-avtalen - del 2 om det frie varebytte - er energi definert som ei vare (i artikkel 24 og diverse vedlegg 6). Og i regjeringa sin stortingsproposisjon om EØS-avtalen, St.prp. nr. 100 (1991-92), heiter det på side 164:
"En rekke bestemmelser i EØS-avtalen som angår markeds- og konkurranseforhold kan komme til anvendelse på energiområdet. Det gjelder i første rekke avtalens artikkel 4 med generelt forbud mot frskjellsbehandling på grunnlag av nasjonalitet, avtalens artikkel 11 g 12 som forbyr kvantitative begrensninger på import og eksport og alle tiltak med tilsvarende virkning, avtalens artikkel 16 som innebærer at statlige handlesmonopoler ikke skal kunne forskjellsbehandles på grunnlag av nasjonalitet, bestemmelsene om fri etableringsrett og frie kapitalbevegelser, samt prinsippet om ingen restriksjoner ved nasjonal behandling ved selskapsinvesteringer, nedfelt i artiklene 31, 34, 40 og 124, konkurransereglene i avtalens artikler 53-60 og statsstøttebestemmelsene i avtales artikeler 61-64".
EØS-avtalen legg m.a. opp til
adgang for energisselselskap innan EU til å kjøpe opp norske kraftverk.
adgang til storstilt krafteksport frå Noreg til energimarkanden i EU.
at Noreg lyt tilpasse seg til felles konkurransereglar i EU sin energimarknad.
straumprisar til den kraftkrevjande industrien, andre bedrifter, forbrukarar og offentleg drift i Noreg lyt etter kvart tilpasse seg til internasjonal marknadspris (europris).
undergraving og nedbuggjing av norske arbeidsplassar som er avhengig av konkurransefortrinnet rimeleg strøm.
auka press på å få bygd ut vassdrag i Noreg med langsiktig krafteksport til EU-land.
eit historisk brot med norsk kraft- og konsesjonspolitikk sidan 1906.
I Noreg har menneska nytta vasskraft som energikjelde heilt sidan oldtida. Vasshjulet, kvernkallen og seinare vass-saga har letta arbeidet for mange. Etter at det vart mogleg å forme om vasskrafta til elektrisk energi, starta den industrielle revolusjonen for alvor her i landet. Noreg hadde eit naturleg fortrinn i Europa med mange og høde fossefall, rikeleg med nedbør og isfrie havner i fjordane ved kysten. Etter at Noreg braut ut av unionen med Sverige i 1905, starta "elektrisitetens tidsalder" og "den nye arbeidsdagen". Gjennom utbyggjing av elektrokjemisk og elektrometallurgisk storindustri, utvikla Noreg seg frå eit fattig land til ein moderne industinasjon. Framveksten av den organiserte industriarbeidarklassen la grunnlaget for faglege og sosiale rettar og velferdstaten. Vassdrags- og industrikonsesjonslovene sørga for nasjonale omsyn, fortrinn og politisk styring. Vasskrafta var eit industirpolitisk verkemedel for industri -og distrikstsuttbyggjing, ikkje minst etter krigen. I dag opereer Statkraft i stadig større grad som ein internasjonal marknadsaktør og krafteksportør. Statkraft, Norsk krafteksport AS og EuroKraft har alt forhandla fram langsiktige kraftavtalar med tyske og nederlandske energigigantar og nye kraftkablat til EU vil vere i drift mellom 2002 og 2004.
Publisert:






