VELFERDSSTATEN
VELFERDSSTATEN Draumen er at alle yter etter evne og at den einskilde får etter behov
I den norske velferdsstaten finst det mange kimar til eit sosialt og økonomisk meir rettvist samfunn. Den offentlege helsetenesta, folkebiblioteka og arbeidsmiljølova er tre av mange døme. Men typisk for vår tid er at alle desse godene er under konstante åtak. Pensjonsordningane vert uthola og dei offentlege tilboda vert truga av privatisering eller konkurranseutsetjing.
I velferdsstaten si stordomstid fram til 1980 har det vore viktig for dei politiske partia å visa til at lønnsmottakarane fekk ein stadig aukande del av landet si totale verdiskapning. Det skjedde m.a. gjennom aukande overføring til kommuneøkonomien. Etter den nyliberale revolusjonen i 80- og 90-åra er det kapitaleigarane som har forsynt seg grovt av samfunnskaka.
I 1998 var lønnsmottakarane sin del på 70% av nasjonalinntekta. I 2006 er den nede i 52%, medan rikingane i Noreg er inne i ein historisk gullalder.
I dag aukar skilnadane kraftigare enn nokon gong før i Noregs nyare historie.
Mens kommunane hadde litt over 14 % av bruttonasjonalproduktet i 1992, hadde dei om lag 11 % i 2005.Samstundes tok dei 14 000 rikaste ut 82 milliardar i aksjeutbytte det siste året..
”Skattelette - lokkinga” frå den politiske høgresida i norsk politikk er i praksis skattelette til dei rikaste; eit rov av verdiane som vert skapt av den arbeidande delen av folket. Dette er ei av årsakene til nedbygginga av kommuneøkonomien.