SAMFERDSLE
SAMFERDSLE Ei elektrisk hurtigtogbane Bergen – Austrheim!
Biltrafikken er ei av dei største forureiningskjeldene og står for ein femtedel av all CO2-utslepp, men samstundes er folk i distrikta heilt avhengige av bil som transportmiddel. Det hjelper lite når bussen til Bergen stampar i same køa som privatbilane. Billegare kollektivtransport og vegprising vil aldri skapa eit fullgod alternativ.
Det trengst at vegnettet i Nordhordland vert rusta opp, at det vert kollektivfelt inn til Bergen og at heile kollektivtransporten vert lagt om.
RV – SV på Radøy vil arbeida for
Me seier NEI til finansiering av vegprosjekt gjennom bompengar, som er ein særs usosial ekstraskatt, og først og fremst rammar dei ca. 8000 pendlarane i Nordhordland. Dessutan vil nye vegprosjekt inn til Bergen berre auka biltrafikken, noko som erfaringane med Nordhordlandsbrua har vist. Vegbygging er Staten sitt ansvar, og allereie betalt gjennom skatt og avgifter.
Bergen by tener på arbeidskrafta frå distriktet og innbyggjarane i byen har bruk for å nytta seg av naturressursane i Nordhordland. Difor har og Bergen eit ansvar til å utvikla og medverka i ein regional transportplan.
RV-SV seier nei til krav om tilsetjing og bruk av biodrivstoff produsert av menneskeføde.
120 liter bioetanol ( 2 tankfyllingar ) produsert av raps, sukkerroer, kveite eller mais er nok til å føda eit menneske i eit år. Om alle planlagde etanolfabrikkar i USA, EU, Brasil, Kina og India vert bygde, vil det snart ikkje vera nok mat og for igjen til menneske, fe og fjørkre.
Prisen på mais og kveitemjøl steig i 2006 med mellom 20% - 60% , mens dei fattige i m.a. Japan, Egypt og Mexico må skjera ned på sine grunnæringsmidlar, og svelt.
RV/SV vil at forsking på biodiesel utvunne av trevyrke vert intensivert, mens det vert innført forbod mot bruk og import av drivstoff frå for – og matplantar.

- At det vert fortgang i planane om ei hurtigbane frå Bergen til Austrheim, som vil gjera det mogleg å reise frå Mastrevik Torg til Bergen sentrum på omlag 30 minutt.
- At hurtigbåtterminalen for dei nordgåande båtane flyttast frå Bergen til Austrheim
- At det i ei overgangstid igjen vert etablert hurtigbåtar i den indre og ytre farleia med tilstrekkeleg mange stopp.