LOKALDEMOKRATI
LOKALDEMOKRATI Globalt ansvar gjennom lokal deltaking
Eit demokratisk samfunn og ei rettvis fordeling av goder og byrder får ein gjennom felles politisk deltaking, med kommunane som hjørnestein i eit demokratisk folkestyre, økonomisk rettferd og ei leveleg framtid for borna våre!
Ein sterk kommuneøkonomi gjev eit sosialt og trygt samfunn. Eit sosialt og trygt samfunn er eit samfunn der m.a. pleietrengjande får den hjelpa dei ynskjar, skulane har resursar til å ta seg av den einskilde ungdomen, og der me kan ta vare på natur og miljø.
Felleslista RV – SV på Radøy vil arbeida for større overføringar til kommunane og mot ei usosial ekstraskattelegging som bompengar, aukande vass- og renovasjonsavgifter, vegprising, auka nettleige, eigendelar for pleie og omsorg og ei usosial bustadbygging.
Omdanning av offentlege oppgåver til føretak og aksjeselskap, og privatisering og sal av offentlig eigedom og naturressursar, er alvorlege innskrenkingar av demokratiet. Privatisering inneber at kontrollen og ansvaret forsvinn frå dei folkevalde organa.
For å få eit levande lokaldemokrati trengst lokal handlefridom samstundes som det er naudsynt med statleg fullfinansiering av oppgåver som vert lagt til kommunane.
RV – SV på Radøy vil arbeida:
Felleslista er særleg opptekne av å ha god kontakt direkte til folk og vera eit talerør for folk sine forslag, idear og krav. Me vil arbeida for kommunale høyringsmøte, folkeleg kontroll med kommunalt planarbeid og folkemøte for å styrkja ei demokratisk meiningsdanning og kunnskapsspreiing.

- Mot all form for privatisering av offentlege tenester
- For at staten skal dekka alle kostnadene for lovpålagte oppgåver
- For at staten skal sletta gjelda kommunane og fylkeskommunane har opparbeidd seg gjennom fleire år med svelteforing og stadig fleire tildelte oppgåver frå staten
- For langt større grad av lokal skattelegging og større grad av frie inntekter som kan gje rom
- For lokale prioriteringar
- For bindande folkerøystingar i store lokalpolitiske saker.
- For å gje rom og påverknad i kommunestyret til alle organisasjonar og alle former for innbyggjarinitiativ
- For at AFP-ordninga vert halden ved like