LANDBRUK
LANDBRUK Me arvar ikkje jorda frå forfedrane våre , me låner den av borna våre.
RV – SV på Radøy vil arbeida for at kommunen skal føra ein langt meir aktiv landbrukspolitikk. Det gjeld både bruk som framleies er i drift, og bruk som dei seinare åra er nedlagde, eller fått sterkt redusert drift.
Landbruket med jord og skog er ein viktig resurs for Radøy, særleg med grunnlag i biologisk og økologisk drift.
Me vil arbeida for at
”DEN GRØNE ØYA – EIN DEL AV KYSTENS NASJONALPARK”
Me treng enno sterkare å ta vare på miljøet og naturen. Dei kommunane som har store areal med natur har ein stor resurs for dei mange som bur i byar og tettstader. Desse har lik rett til å få bruka denne resursen. Difor må ein planleggja for auka bruk og tilgjenge framover.
Radøy skal ta eit regionalt ansvar og utvikla kommunen til eit spennande rekreasjonsområde.
For å vidareutvikla Radøy som den ”grøne øya”, vil RV-SV foreslå etableringen av Kystens Nasjonalpark.
Eit område der folk bur og arbeider, med industri, med jordbruk og med turisme, utan at dette vert omgjort til eit nytt privat hytteland.
Den ”Grøne Øya - Kystens Nasjonalpark” skal verta best på sykkel- og turstiar i urørt natur og i kulturlandskapet. Radøy skal utvikla ”Strilevegen” etter eksempel frå Rallarvegen..
Me vil arbeida for offentlege turisthytter, rasteplassar og offentlege toalett i naturlandskapet.

- at rådgjevingstenesta ved landbrukskontoret vert styrka med fokus på nye brukarar og bruk som vurderer nedlegging
- at matjorda aktivt må nyttast til produksjon av mat og nyttevekstar, og skogen må avverkast til tømmer og biobrensel (flis)
- tilskot til fornying av grøfter og vegar
- tilskot til skogsvegar for uttak av skog til tømmer og biobrensel
- På 60-tallet og utover vart det planta mykje skog i Radøy. Denne må no takast hand om. Skog som tidlegare ikkje vart sett som driveverdig har i dag fått ein heilt annan verdi som biobrensel. Økonomisk drift må planleggjast, og kommunen må i større grad nyttiggjera seg tilskot frå Staten og Fylket.
- slakt av sau lokalt, og etterbehandling av kjøtet må stimulerast ved utnytting av mobile slakteri. Tiltak for å realisere dette er i gang. Kommunen må stimulera til fortgang i dette arbeidet i samarbeid med faglaga og næringsorganisasjonane i landbruket.
- 0-konsesjon grensa må vurderast på nytt