KULTUR
KULTUR La hundre blomar blomstre og hundre tankeretningar stridast
Kultur er kunnskap og overføringar frå tidlegare generasjonar, fornying, utforsking og eksperimentering frå denne generasjonen til dei nye generasjonane. Dei utfordringar me får gjennom mangfaldet av kulturaktivitetar gjev livet meining, og oss eit godt og lengre fysisk liv.
Eit vitalt intellekt er viktige føresetnader for god helse og eit langt liv og krev ei offentleg satsing på kultur for alle generasjonar.
Felleslista ser det som viktig å utvikla eit blomstrande kulturliv på Radøy. Me vil arbeida for at det straks vert etablert ein kulturplan som vektlegg auka profesjonalitet og aktivitetar for ungdom
Radøy var Hordaland sin kulturkommune i 2005, men brukte berre 1,6 millionar på kulturaktivitetar – det er mindre enn ½ % av totalbudsjettet når ein held løn til kultursekretæren utanfor!
RV – SV på Radøy vil
RV – SV på Radøy vil at kommunestyret skal seia klart Nei til utplassering av spelautomatar på Radøy.
Mellom 30 000 og 50 000 Nordmenn er i dag speleavhengige –16 000 under 18 år og kvart år vert det spelt for meir enn 42 milliardar kroner.
RV/SV vil at idretts- og musikklag og andre allmennyttige organisasjonar vert kompensert av staten for bortfall av ”automatpengar” gjennom tilskot over kulturbudsjettet.

- at det vert utarbeidd ein kulturplan som legg vekt på auka profesjonalitet
- at det vert etablert ein permanent tilhaldsstad for ungdom med eit breit spekter av kulturaktivitetar
- at kulturbudsjettet vert auka til 2% av totalbudsjettet
- at ein i den samanheng tilsett minst to sosial/ungdoms- kulturarbeidarar.