KLIMA OG MILJØ
KLIMA OG MILJØ ”Det er for seint å snyta seg når nasa er vekke”
Mens dei som har makta snakkar med store ord om framtidige målsetjingar, går jordkloten vår mot ei menneskeskapt klimakatastrofe. AP og Jens Stoltenberg snakka om Noregs ”månelanding” og verdas ”mest ambisiøse miljøplanar”. Samstundes som dei i beste fall vil kutta utsleppa våre til det nivået dei hadde i 1990!
RV – SV på Radøy meiner at Noreg må kutta sine eigne utslepp radikalt og omgåande, samstundes som det vert utvikla miljøteknologi til CO2 fangst og CO2 - nøytral energiproduksjon. Den enorme rikdomen i Noreg er bygd på eksport av klimautslepp. Sanninga er at Noreg slepper ut - inklusive olje- og gasseksporten - 85 gonger meir klimagass pr. innbyggjar enn ei bærekraftig verd kan tole. Difor er det Noreg si plikt å gå føre med klimakutt
Dette vil krevja svært store endringar av heile samfunnet, noko som gjer det naudsynt med eit omfattande opplysningsarbeid og ein debatt, som inkluderer alle. ”Lavutsleppsutvalet ” har utreida korleis Noreg kan kutta nasjonale utslepp av klimagassar med 50-80 prosent innan 2050 – me treng ein politikk som omset ord til handling, og det hastar.
Mens kapitaleigarane og deira politiske løpargutar berre tenkjer ut frå kortsiktig profitt, kjenner folk flest ansvar for dei komande generasjonane og ein solidaritet med den tredje verda. Difor må medviten miljøkamp starta frå botn og verta kjempa fram av innbyggjarane i kvar einaste kommune.
RV – SV på Radøy vil at det vert utarbeidd ein lokal miljøplan for Radøy Kommune som eit av dei viktigaste plandokumenta. Samstundes som me vil arbeida for ein allianse mellom miljørørsla, landbruksorganisasjonane og reiselivet, for å halda oppe Radøy som den Grøne Øya.
Difor seier me:
RV – SV på Radøy vil at kommunen legg til rette for auka tilflytting for å halda på folketalet

- U 864 utanfor Fedje skal hevast
- NEI til kraftleidning frå Mongstad i høgspent over Radøy
- Gasskraftverket på Mongstad skal ha full reinsing frå dag éin
- NEI til biodrivstoff av matråvarer
- Ja til biobrensel frå overskotstrevirke og avfall
- At budsjettmidlar til miljøvernleiar vert auka, slik at det vert råd tilå utarbeida ein samanhengjande miljøplan for Radøy kommune.
- Kommunale innkjøp berre av miljømerka varer
- Eit ENØK - program for alle eksisterande kommunale bygg
- Innkjøp av e-bilar for kommunale oppgåver (m.a. heimetenesta)
- For økonomisk stønad til private ENØK - tiltak, som t.d. innkjøp av varmepumpe
- Svært restriktiv haldning til nye hytteområde
- Vern av strandsona
- Nye bustadfelt skal ha ei fornuftig plassering til eksisterande sentrum
- Gang- og sykkelvegar i tette bustadområde
- Betre og rimelegare kollektivtransport.
RV – SV på Radøy vil at kommunen legg til rette for auka tilflytting for å halda på folketalet
- Gjennom å initiere ei sosial bustadbygging til overkommelege prisar
- Tilrettelegging og aktiv innsats for nye, spanande arbeidsplassar
- Tilrettelegging og motivering for at utanlandsk arbeidskraft vert verande på Radøy og buset seg her
- Oppretta gratis språkkurs i norsk for utanlandske arbeidarar
- Nei til sal av kommunal eigedom. Radøy må ikkje verta eit lokalt Sørlandet.
- Restriktiv ved sal/ privatisering av kommunal eigedom, både areal og bygningar.