BORN OG UNGDOM
BORN OG UNGDOM Framtida byggjer vi no
Den beste skulen er den sosialt inkluderande skulen, der elevane opplever seg som likeverdige individ. Det skal i eit av verdas rikaste land vera ein slik lærartettleik at alle elevar skal gleda seg over å arbeida med kunnskap og å møtast i skulen. Med større lærartettleik vert og mobbing og ekskludering av elevar eit mykje mindre fenomen.
RV – SV på Radøy går difor inn for at det ikkje er fleire enn 15 elevar pr. lærar.
Krefter i samfunnet ynskjer nærast å gjera skulen og barnehagane om til ei profittskapande bedrift. Den nyliberalistiske politikken er i ferd med å øydeleggja den fellesskaplege einingsskulen. Samanslåingar og privatiseringar vert framsett med fridoms- og kvalitetsretorikk frå høgresida, medan det einaste målet er økonomisk effektivisering.
RV – SV på Radøy er motstandar av eikvar form for privatisering av skulen,
skulefritidsordninga, helsetenestene og omsorgstenestene for dei eldre.
RV – SV på Radøy meiner tvert om at skulefritidsordning skal vera gratis, skuledagen utvida og omfattar organisert leksehjelp. Barnehagane må vera tilgjengelege for alle til ein rimeleg pris.
Radøy har full barnehagedekning, noko alle politiske parti ynskjer skal vidareførast. Men det er
vesentleg at ein sikrar ein profesjonell kvalitet gjennom tilstrekkeleg mange førskulelærarar og assistentar med ei pedagogisk grunnutdanning, då dette er ein sentral arena for sosialisering og læring.
RV – SV på Radøy vil at skule, barnehage og skulefritidsordning skal inngå i ein heilskapleg plan med ungdoms- og kulturhus, idrett, bibliotek, musikklivet, formidlarar av husflid og tradisjonshandverk, og får sjanse til innføring i og utøving av ymse praktisk- estetiske aktivitetar.







