Raudt

Kart over Norge

Lokallag

”Jeg blir styreleder!”

”Jeg blir styreleder!”

Hydrosjef Eivind Reiten er skråsikker på at han vert styreleiar i StatoilHydro og meiner opsjonane har vore bra for Hydro (sitat E24, 8.8.07). Mannen må mangle ei kvar antenne for folks meiningar og politiske signal. Det finns knapt eit menneske i Noreg som enno har full tillit til Reiten. Det måtte da være Trygve Hegnar, Lars Sponheim eller Siv Jensen, som umiddelbart gjekk ut i hans forsvar.

I fjor tente leiarane i Noregs børsnoterte selskapa 3,8 millionar i gjennomsnitt.
Eivind Reiten tente 6,1 millionar og har sida han blei konsernsjef i Hydro i 2001 tent totalt 87,5 millionar inklusive bonus, opsjonar og utbytte i aksjar. I tillegg kjem pensjonsforpliktelser på 6,2 millionar. Men iflg. Dagbladet flotter han seg ikkje: ”Mitt lille sommerhus utenfor Kragerø er nok min største utskeielse”. Dog har han openbart ikkje tilstrekkeleg med pengar til å betale sitt medlemskontingent i Senterpartiet sida 2004, sjølv om han seinast i mars dette året påstod å vera medlem..

Ingen skjønar kvifor leiinga i Norsk Hydro skal få så godt betalt, sia aksjeverdiane har skutt i veret av di kinesarar etterspør stadig meir olje og aluminium. Medan dei på golvet, dei som skapar verdiane, vert truga av Noregs Bank og Gjedrem med renteauka, hvis dei ikkje visar ”moderasjon”. Gapet mellom vanlege folk si inntekt, toppleiarane og kapitaleigarane vert stadig større.

For å tydeleggjera storleiken av ranet: Summen på opsjonane kunne gitt eit julegratiale til alle dei 33.000 tilsette i Hydro i heile verda på 6.500 kroner kvar (4 årsløn i t.d. Angola) eller 308.000 til kvar av dei tilsette på Statoil Mongstad. Kva er då Nokas-ranet (iflg. VG 57,4 millionar) samanlikna med dette ”legitime” ranet frå det norske folk, særleg hvis Reiten går fri og vert sitjande?

Opsjonsskandalen med 210 millionar til dei 35 toppleiarane i Hydro med den største delen av kaka på 27,5 millionar til Eivind Reiten, kan verta eit vendepunkt i kampen mot grådigheitskulturen i norsk næringsliv.

Terje Nustad, fagforeininga Safe, uttaler med rette ”at Reiten står fram som den fremste for grådigheitskulturen. Han er ein mann som ikkje tek ansvar for fellesskapet eller samfunnet på nokon måte og har tidlegare uttalt at han ser på Staten som ein problematisk eigar. Eg kan ikkje fatte og begripe at Staten kan ha ein sånn mann som framtidig styreleiar for det fusjonerte Statoil/Hydro”.

Næringsministeren frå Arbeiderpartiet, Dag Terje Andersen, kom først på bana då media, fagforeiningane og vanlege folk byrjar å reagera, ved å sparka styreleiar Reinås. For seint, nesten motvillig verkar det som, og han er openbart nøgd nå. Eller er det gamle lik i AP-kista som fangar?

I perioden 1993 – 1997, da Folkvord representerte RV på Stortinget, la han fram lovforslag til endring av aksjelova, som bl.a. ville forby børsnoterte selskap å utdele opsjonar til styremedlemar eller leiarar . Forslaget blei avvist av alle parti.  Dåverande næringsminister Jens Stoltenberg(AP) argumenterte bl.a. med at Hydros opsjonsordningar var av avgrensa omfang.(!)

Kva med ei lov som set ei øvre grense for forskjell mellom lågaste og høgaste løn i einkvar offentleg eigd bedrift i Noreg, t.d. 1 til 4. Hvis sjefen då ønskjer høgare løn enn sin eine million, må  han først leggja på dei 250.000 i løn til kantinedama.

Og då får me heller leva med at Siv Jensen (FRP)samanliknar Noreg med ein kommuniststat, kor sovjetiske metodar er i ferd med å øydeleggja eit av Noregs fremste industrikonsern.

Michael Bartsch
medlem av felleslista RV/SV på Radøy
Bli medlem