KVALITATIV UTVIKLING – IKKJE UHEMMA VEKST!

Samarbeidslista har stått for ein konsekvent politikk i dei fire åra som er gått. Me har stått for ein moderat takt i bustadbygginga, me har stått for ei edrueleg og langsiktig linje i arealpolitikken og me har vore restriktive i høve til dispensasjonar frå kommuneplanen. Me aktar å halda fram med det!
Kommunen si arealdisponering, slik denne kjem til uttrykk i alt frå kommuneplan, reguleringsplanar, utbyggingsplanar og til handsaming av dispensasjonssøknader, er ei av dei mest krevjande og ansvarsfulle oppgåvene kommunestyret har. Gjennomtenkt planlegging med vekt på miljø og omsyn til generasjonar etter oss og opne, demokratiske prosessar skal leggjast til grunn for arealutviklinga.
Det er ei påtrengjande oppgåve å ta kontroll over utbygginga i Frekhaug-området. Frekhaug som kommunesenter har ikkje behov for fleire bustadbygg. Ei kvalitativ utvikling av kommunesenteret er ei forsømt oppgåve, t.d. tilrettelegging av areal til allmennyttige føremål, trafikale løysingar, eit kulturelt mangfald, byggjeskikk m.m.
Samarbeidslista vil halda fram med å arbeida for at det andre senteret i kommunen, Rossland (Vikebø), vert tilgodesett med fleire grunnleggjande senterfunksjonar, kultur- og aktivitetstilbod m.m. Ei moderat, men berekraftig, utbygging av bygdesenteret må sjåast i ein slik samanheng. Til liks med kommunen elles må all utbygging vurderast i samanheng med realistiske rammer for tenesteproduksjon og universell utforming.