MILJØ – ME MÅ TA ANSVAR OG HANDLA LOKALT!

Det er viktig å ta i bruk alternative og meir miljøvenlege energiformer. Det aller viktigaste bidraget er likevel å redusera forbruket av energi totalt. Ved planlegging av nye bygg og anlegg, både bustader og næringsbygg, skal det takast miljø- og energiøkonomiske omsyn og transportbehov må vurderast. Kommunen må stimulera til bruk av overskot og avfall frå trevyrke til biobrensel. Samarbeidslista støttar arbeidet med ein klimaplan for kommunen.
Kollektivtransporten ei satsing for framtida
Kravet om å redusera energiforbruket må også føra til vesentlege endringar i transportmønster og transportformer. Det må satsast på kollektivtilbodet for å redusera bruken av privatbil. I dag skjer det motsette! Nøkkelen til konkurransedyktige kollektivtilbod er kort reisetid og mange avgangar. Samarbeidslista vil m.a. gå inn for at ekspressbussar har siste påstiging mot Bergen og første avstiging frå Bergen på Flatøy. Samarbeidslista støttar at det vert gjeve konsesjon til båtrute Knarvik-Frekhaug-Bergen.
Transport med bane både av personar og gods vil alltid vera eit framtidsretta og berekraftig system. Den planlagte bybanen i Bergen bør forlengast til Nordhordland. Andre alternative transportsystem, t.d. tvers- og langsgåande båtsamband innanfor regionen, bør greiast ut.
Ta vare på strandsona og natur- og jordbruksarealet
Eit hovudbidrag til ei berekraftig uvikling er å ta vare på natur-, strand- og utmarksareala, og å halda oppe det biologiske mangfaldet. Sett i lys av klimautfordringa er det viktigare enn nokon gong å halda i hevd jordbruksareala. Her handlar det også om å ta vare på naturverdiane både som matauk og rekreasjonsområde for nye generasjonar. Samarbeidslista har vore konsekvente i vern av slike areal i førre periode og vil halda fram med det. I tråd med dette vil Samarbeidslista i samarbeid med Bergen og omland friluftsråd arbeida for at heile området nord for E39 på Flatøy til Håøya vert LNF-/friområde og for at strandsona vert forvalta etter intensjonen i lovverket.