Raudt

Kart over Norge

Lokallag

AKTIV KOMMUNAL BUSTADPOLITIKK

AKTIV KOMMUNAL BUSTADPOLITIKK
Sterkare styring
Det er stort press frå private aktørar for å byggja ut i Meland. Utfordringa er derfor å styra utbygginga. Ved feltutbygging må takten ikkje vera snøggare enn at det er mogleg å følgja opp med nødvendig infrastruktur. Dette inneber alle kommunale tenester, men også forsvarleg tilkomst og tilpassing til transportsystemet, t.d. gang- og sykkelveg og andre trafikksikringstiltak. Vidare inneber styring at kommunen må utarbeida rammer for korleis bustadfelta og bustadene blir utforma, t.d. ved å krevja universell utforming, variasjon i storleik m.m. Det må stillast bustadsosiale krav også til den private utbygginga.

Kommunen må sjølv vera aktiv – Meland utbyggingsselskap
Kommunen må nytta aktivt det kommunale tomteselskapet, Meland utbyggingsselskap, til å erverva fleire bustadtomter som kan seljast vidare til ein rimeleg pris. Samarbeidslista ynskjer at utbyggingsselskapet skal få ein klarare definert bustadsosial profil og såleis verta ein reiskap kommunen kan bruka til å nå sine bustadsosiale mål, dvs. gjera det mogleg også for menneske med svak økonomi å koma inn på bustadmarknaden. Me har jobba for ungdom i etableringsfasen og vil halda fram med det. Sjølvbyggjarprosjektet har vore svært vellykka, og resultata viser at arbeidsmåtane må førast vidare i varige former.


Bli medlem