VEGNETTET
VEGNETTET
Samarbeidslista vil arbeida for å skaffa midlar til trafikksikringstiltak, og til auka vedlikehald av dei kommunale vegane. Me vil også arbeida for å auka statlege løyvingar til utbygging og betring av vegnettet i distriktet.
Staten skal finansiera dei store vegprosjekta
Samarbeidslista har gått konsekvent imot vidareføring av bompengar etter at Nordhordlandsbrua var nedbetalt. Me går inn for ny tunnel gjennom Åsane (Nyborgtunnelen) med statleg finansiering. Bompengar er berre aktuelt etter at tunnelen er ferdig, og dersom det er fri omkjøringsveg. Samarbeidslista er imot ”Nordhordlandspakken” som legg opp til førehandsbompengar og bomstasjon som ikkje er knytt til dei aktuelle vegprosjekta.