Valprogram for Samarbeidslista RV, SV og Sosialdemokratar i Meland 2007 – 2011
EIT GODT OG INKLUDERANDE LOKALSAMFUNN KREV EIT STERKT FELLESSKAP
Me som har samla oss om Samarbeidslista, dvs. sosialdemokratane, SV og RV i Meland, vil kjempa for eit samfunn for alle. Det er eit inkluderande samfunn som byggjer på likeverd, universell utforming, deltaking, medverknad og respekt for den einskilde. Kvar og ein skal ha høve til å bruka ressursane sine til meiningsfullt arbeid, til personleg vokster og sosial og kulturell aktivitet. Skal dette bli mogleg, trengst ein sterk og aktiv kommune.
KOMMUNEØKONOMI – STADIG EI SENTRAL KAMPSAK
Samarbeidslista har vore det partiet som konsekvent har sett søkjelyset på kommuneøkonomien og særleg fordelinga mellom kommunal og statleg sektor. Å kjempa for at kommunen, og kommunesektoren generelt, skal ha ein større del av samla verdiskaping, er ei viktig oppgåve. Me vil framleis stilla oss i brodden for å retta økonomiske krav til staten.
Kommunen har medverka til å spara staten for store summar ved å gjennomføra gode prosjekt. Skal me kunna leggja eit varig grunnlag for slike tiltak, er det nødvendig å sikra økonomien gjennom kommunen sine frie inntekter. I denne samanheng er det også viktig å visa til dei spesielle behova Meland kommune har som vekstkommune med mange unge innbyggjarar.
KOMMUNEN ER RYGGRADA I VELFERDSSTATEN
Kommunen er arbeidsplass for mange personar. Mange dyktige medarbeidarar gjer ein god og viktig innsats til beste for innbyggjarane i kommunen. Slik må det også vera i tida framover, men det er døme på at tilsette opplever så stort arbeidspress at dei ikkje fullgodt greier å løyse oppgåvene sine. Skal kommunen få nok og kvalifisert arbeidskraft må arbeidsvilkåra vera gode. Samarbeidslista vil arbeida for at det vert løyvd midlar til god nok bemanning til oppgåvene som skal løysast.
I Meland er me komne langt med fleksibel og tverrfagleg organisering der det einskilde individet skal setjast i sentrum. Slik organisering vil gje dei beste tenestene og lågast kostnad på lang sikt.
NAV-reforma har som mål å samordna kommunale og statlege tenester under same tak til beste for brukarane. Den statlege arbeids- og velferdsetaten skal under same tak som den kommunale sosialtenesta. Samarbeidslista vil arbeida for at NAV-reforma skal fungera etter denne intensjonen. Innan våren 2009 skal reforma vera gjennomført i Meland.
Innhald:







