Gratis og likeverdig utdanning
Gratis og likeverdig utdanning
Kommunen må sikra barnehageplassar til alle barn, fri skulefritidsordning og eit godt tilbod til barn og unge i fritida. Kvinnherad RV meiner at vegen til betre undervisning og læring i skulen går gjennom godt kvalifiserte og motiverte lærarar, ikkje gjennom å senda skjema, kvalitetsrapportar og dokumentasjon opp og ned i systemet. Kvinnherad RV ynskjer at kommunen, om eit fleirtal av dei tilsette ynskjer det, skal avslutta dei individuelle lønsforhandlingane i skulen, og fordela det lokale tillegget flatt mellom dei tilsette.
Kvinnherad RV vil arbeide for:

- At det blir slutt med børsspekulasjon og investering i tyske eigedomsaksjar. Invester kraftfondet i framtida – invester pengane i barn og ungdom. Rust opp barnehagar og skular. Bygg ut vaktmestertenesta.
- Å oppretthalde skulestrukturen i Kvinnherad. Inga skulenedlegging utan at bygdefolket er einige.
- Å gjere grunnskulen til ein reelt gratis skule
- Å sikra barnehageplass for alle barn i kommunen
- Å forbetra skulefritidsordninga
- At kommunen tek i fleire lærlingar i kontor-, helse- og ungdomsarbeidarfaga,
- Godt inneklima og vedlikehald i alle kommunale skulebygg