Raudt

Kart over Norge

Lokallag

Styrk rusomsorgen

Ein arbeidarklasse der mange er svekka på grunn av rusmiddelbruk, står svakare i den daglege kampen og i kampen om samfunnsmakta. Vaksne sitt rusmiddelbruk er ofte ei stor belastning i livet til mange menneske, også bornas liv. Raudt vil difor arbeide for tiltak som reduserer alkoholbruken og den aukande alminneleggjeringa av rusmiddelbruk.

Raudt er for at alle rusmisbrukarar skal ha rett til eit verdig liv. Eit verdig liv vil seie at rusmiddelavhengige får bustad, jobb, økonomisk stønad og helse- og sosialtenester. Det er og viktig å opne for sprøyterom, slik at avhengige har tilgong til reine omgjevnader og profesjonell hjelp.

RAUDT ARBEIDER FOR:

  • Eit kraftig utbygd behandlings- og ettervernstilbod til rusmisbrukarar
  • Utvikling av tilbod om jobb og andre tiltak som del av forlenga ettervern
  • Personlege og samfunnsmessige tiltak for redusert alkoholforbruk
  • At det skal vere vanlig at sosiale møteplassar er rusfrie
  • Statens pensjonsfond ikkje skal investere i alkoholkapital
  • Etablere sprøyterom




Bli medlem