Slår eit slag for miljøvenleg industri
I Odda, Ålvik og Husnes i Hordaland, og mange stader i distrikts-Noreg, er det bygd opp store kraftforedlande industribedrifter og industrisamfunn basert på den reine, fornybare norske vasskrafta. Før stortingsvalet i 2005 lova Arbeiderpartiet, SV og Senterpartiet at om dei kom til regjeringsmakta, skulle dei raskt få på plass ei industrikraftløysing som sikra framtida for industrien. Det har ikkje skjedd. Istadenfor har smelteverk og andre elektrokjemiske bedrifter, både i Hordaland og elles i landet, lagt ned eller redusert produksjonen, og lagt store investeringsplanar på is. Finanskrisa og låge metallprisar har forsterka denne utviklinga. Denne saka demonstrerer eit stort løftebrot frå regjeringspartia. Dei ofrar norske industriarbeidsplassar, lokalsamfunn og verdas mest miljøvenlege kraftforedlande industri på marknadsliberalismens og EØS-avtalens alter.
Den kraftforedlande industrien er ikkje berre verdas mest miljøvenlege på grunn av den reine fornybare vasskrafta. Den radikale delen av fagrørsla har saman med miljørørsla engasjert seg sterkt for meir miljøvenleg
produksjon, betre ytre og indre miljø (arbeidsmiljø) og auka grad av gjenvinning, energieffektivisering og vidareforedling. Her er det oppnådd mykje, sjøl om det står mykje att. Utflagging til land utan faglege rettar og strenge miljøkrav vil vere ei katastrofe for det globale miljøet. Kravet frå fagrørsla om industrikraft no! er overmodent. Det trengs eit kraftopprør for å få regjeringa til å snu. Med Torstein Dahle på plass på Stortinget etter valet, vil industriarbeidarane i den kraftforedlande industrien ha ein representant å stole på.
RAUDT ARBEIDER FOR:
- Få på plass rimelege og langsiktige kraftavtalar til den kraftforedlande industrien (minst 50 år)
- Still strenge krav til miljø- og enøktiltak på arbeidsplassane.







