Nei til fleire bompengeprosjekt i Hordaland!

Hordaland er bompengefylke nummer ein i Noreg. Nærare 80 prosent av riksvegprosjekta blir finansiert ved hjelp av bompengar i staden for av statlege riksvegmidlar. Dette råkar både transportnæringa, kollektivtrafikken, reiselivsbransjen og privatbilistar som ikkje har andre transportalternativ enn bruk av eigen bil. Denne utviklinga vil bli kraftig forsterka gjennom Nasjonal Transportplanperioden 2010-2019, med Hardangerbrua, Vossapakken, Kvammapakken, Bømlopakken, bompengar på E-134 over Haukeli og E39 Kyststamvegen. Raudt Hordaland er dessverre det einaste partiet i fylkestinget som konsekvent har gått imot bompengefinansiering av desse riksvegprosjekta.
Bompengeinnkrevjinga er ein usosial form for skattlegging, og råkar dei med lågast inntekt hardast. Det er og svært dårleg distriktspolitikk fordi det førar til at det blir dyrare for folk å busette seg i distriktet, og det gir næringslivet dårlegare konkurransevilkår. Utbygging og utbetring av riksvegen er fullt ut ei statlig oppgåve, og ikkje einskilde personar i distriktet. På Stortinget vil Raudt vere ein stemme mot bompengar og for at staten skal byggje ut eit godt vegnett i heile landet. Raudt vil stå for vår eiga politikk, og ikkje godta bompengar for å gjere kompromissar med andre parti.
Frp - lite truverdige bompengemotstandarar
Frp gjer seg ut for å vere motstandarar av bompengar, men gjer andre ting i praksis. Os kommune, der Frp styrer medreist fleirtal er eit tydeleg eksempel på det. I Os har Frp gått inn for å finansiere 2,2 milliardar av ein utbygging av E39 med bompengar. Frps partiprogram er også endra for opne for at Frp-politikarar kan opne for bompengefinansiering. Partiet går i år til val på at «på private veier som bygges og drives i privat regi, og er åpne for allmennheten, kan det kreves bompenger». Bompengar er derfor greit berre det er på private vegar.
RAUDT ARBEIDER FOR:
- Ingen fleire bompengeprosjek i fylket
- Staten skal fullfinansiere gode og trygge vegar i heile landet.
- Som miljøtiltak kan vegprising vere aktuelt i Bergen dersom kollektivtilbodet allereie er godt.







