Ikkje kast bort stemmen din – stem Raudt!
Ser vi nærmare på tala frå førre val, ser vi at Torstein Dahle var meir enn 3000 røyster nærare å komme inn enn SV var på sitt andremandat i Hordaland. Hadde altså fleire av SV sine veljarar tenkt taktisk i Hordaland, ville Torstein Dahle vore på Stortinget i staden for Høgres Torbjørn Hansen.
KORT VEG FOR RAUDT
I Oslo er biletet ganske likt. Tala frå kommunevalet i 2007, der Raudt fekk 14 131 stemmer, viser at det er svært lite det står på for at Erling Folkvord får plass på Stortinget frå hausten. SV på si side manglar nærmare 16 000 stemmer på Heidi Sørensens tredjemandat. I Oslo og Hordaland er det altså ikkje utaktisk å stemme Raudt. Tvert i mot kan ein kaste bort stemmen sin dersom ein ikkje gjer den til Erling Folkvord og Torstein Dahle.
HEILE LANDET ER VIKTIG
I resten av landet har Raudt små sjanser på direktemandat. Men fleire målingar den siste tida viser Raudt på 2,2 til 2,4 prosent. Dersom Raudt nærmar seg sperregrensa på fire prosent, vil det utløyse eit skred av raude stortingsfolk. Det krev at Raudt går fram med 90 000 stemmer på landsbasis. I ein situasjon der sjansen for ei regjering utgått fra Høgre og FrP er faretruande stor, kan eit Raudt over sperregrensa og med 6–7 mandat på Stortinget vise seg å vere den einaste garantien mot statsminister Siv Jensen.
VER TRYGG
Det fins mange gode grunnar til å stemme Raudt, og den taktiske situasjonen er ikkje den viktigaste. Men tala over viser at du kan vere heilt trygg på at du ikkje kastar bort stemma di når du stemmer Raudt, enten du er mest oppteken av ny kurs for Noreg eller å halde Siv Jensen utanfor regjeringskorridorane.
RAUDT PÅ STORTINGET:
- Det er taktisk å stemme Raudt for å få flest stemmer til venstresida.
- Veljarar som ikkje er enige med Raudt i alt bør likevel stemme partiet over sperregrensa for å halde Frp utanfor regjering.







