Raudt

Kart over Norge

Lokallag

Det store salet av Noreg

Noreg må tillate helsefarleg mat
I 2002 innførte Noreg det omstridde barnematdirektivet frå EU. Direktivet regulerer tillatne mengder tilsetjingsstoff i barnemat, og inneber ei kraftig liberalisering av det tidlegare regelverket i Noreg. Statens Råd for Ernæring og Fysisk Aktivitet åtvara norske styresmakter mot å akseptere barnematdirektivet og har konkludert undersøkingane sine med at grupper av spedbarn i Noreg vil vere utsett for helseskadelege store mengder A- og D-vitamin når det blir tatt i bruk i barnemat som seljast i Noreg. Også matsminkedirektivet, vedtatt av Stortinget i 2001, gjer norsk mat mindre trygg. Det gjer det lovleg å tilsetje langt fleire tilsetjingsstoff, mellom anna azofargestoff som brukast i sukkertøy for barn.

Reach-direktivet svekkjer norsk miljølovgjeving
Noreg har innført EUs elendige kjemikalielovgjeving, det såkalte Reach-direktivet. Reach gjer at bedrifter i Noreg ikkje lenger må registrere farlege kjemikaliar under eitt tonn. I tillegg fell registreringsplikta på ei rekkje stoff bort, og gjev bedriftene mindre ansvar for kjemikaliane dei innfører. EU ynskjer at det skal vere like reglar i alle EU-land for å sikre «fri konkurranse» i heile EU. Dette fører til at Noreg får ei dårlegare miljølovgjeving, og at vi i tillegg mister retten til å innføre strengare reglar enn andre land for å gå i spissen for miljøet.

Arbeidarfiendtleg EU-politikk kjem til Noreg
I vinter vedtok Stortinget å innføre EUs største og mest omtalte direktiv nokon sinne. Tenestedirektivet vil føre til
meir sosial dumping og eit meir utrygt arbeidsliv. Direktivet gjer det lettare for useriøse utanlandske bedrifter å slå seg ned i Noreg. Med direktivet er det ikkje lov å stille eit einaste krav for at bedrifter skal få operere i landet, ikkje ein gang at dei har kontor her! Mange av tiltaka mot sosial dumping kan bli gjort ulovleg. For eksempel ID-plikt på byggjeplassar, solidaransvar, antikontraktøravgjersler og rett til innsyn i arbeidskontraktar. EU vil ha fri flyt av tenester (reinhald, servicenæring, bygg) i heile EU og Stortinget følgjer lydig etter. Også offentleg sektor kan bli utsett for EUs marknadskåtleik, fordi Tenestedirektivet krev at dersom ei privat bedrift får operere på ein marknad, må óg alle andre få tilgjenge. For eksempel kan alle private bedrifter få lov til å drive med heimehjelp i kommunar dersom Frelsesarmeen allereie gjer det. LO og Raudt sto saman i kravet om å leggje ned Veto mot direktivet, men politikarane på løvebakken ville ikkje lytte til kravet.

EØS-avtalen - eit hinder for aktiv industripolitikk
Då industrien kom til Noreg for over hundre år sidan, var det på grunn av tilgangen på billig elektrisitet frå dei store fossefalla våre. No står næringa som bygde Noreg for fall, fordi krafta frå fossefalla ikkje lenger blir brukt til industri, men heller seld på den europeiske kraftmarknaden. For at industrien og arbeidsplassane skal overleve, trengs det eit industrikraftregime som sikrar næringa billege og føreseielege kraftavtalar. EØS-avtalen gjer det ulovleg å selje krafta billeg til prioriterte føremål. Den må i staden seljast på den nordeuropeiske kraftbørsen, på den såkalla frie marknaden. Dersom vi framleis skal satse på miljøvenlig industri i Noreg, må EØS-avtalen seiast opp.

Og meir skal det bli...
Raudt vil leggje ned veto mot tre kommande EU-direktiv:

DATALAGRINGSDIREKTIVET
Direktivet vil krevje lagring av kven du ringjer, når du ringjer, kor du er under samtalen og kor lenge den varer. Det same gjeld e-post og internett.

POSTDIREKTIVET
Direktivet vil innføre fri konkurranse på post i Noreg, og føre til at posttilbodet blir dyrare og dårligare i distrikta.
I tillegg vil allereie hardt pressa posttilsette stå i fare for å få enda dårlegare arbeidsvilkår.

HELSEDIREKTIVET.
EU meiner helse er ei vare, og ynskjer moglegheita til å «shoppe» behandling i heile EU. I praksis fører dette til
privatisering og utarming av helsevesenet. Fagforbundet åtvara difor Noreg mot å innføre direktivet.

Vetoretten - Ei mogleg redning
Det er mogleg for Noreg å reservere seg mot direktiv vi ikkje ynskjer. I avtalen ligg det ein vetorett, men denne moglegheita har aldri blitt brukt av norske politikarar. Raudt jobbar for å seie opp EØS-avtalen, men vil også kjempe for å leggje ned veto mot enkeltdirektiv.

Det store kuppet
Innlemminga av Noreg i EØS liknar på eit kupp. Den norske grunnlova krev at det trengs 2/3 fleirtal i to følgjande Storting for å innlemme Noreg i EØS. RVs stortingsrepresentant foreslo i 1994 at Stortinget skulle halde ei ny avstemming slik grunnlova påbydde. Stemmetalet vart 111 mot 40. Det vil seie at det ikkje var nok stemmer til å innlemme Noreg i EØS.

EU er ikkje løysinga
EU-tilhengjarane kan virke kritiske til EØS-avtalen, men det er i røynda ein skinnkritikk. Deira løysing, EU-medlemskap, vil nemlig innebere at Noreg blir endå meir styrt frå Brüssel. Til gjengjeld vil Noreg få under 1 % av røystene i EU-parlamentet, men det er ikkje mykje verdt i eit system der dei folkevalde kun har symbolsk makt. Landbrukspolitikk, fiskeripolitikk og finanspolitikk er eksempel på viktige politiske område som blir haldne utanfor EØS-avtalen. EØS er difor langt å føretrekkje framfor EU-medlemskap.


Bli medlem