Raudt

«Vårt arbeid – vår velferd»
Kart over Norge

Lokallag

Kandidatane


Her er toppkandidatane for Raudt Hordaland ved stortingsvalet 2009.

1. Torstein Dahle
Alder: 62
Sted: Bergen
Yrke: Høgskulelektor

Torstein Dahle er partileiar i Raudt og jobbar ved Høgskulen i Bergen. Torstein har sete i Bergen bystyre for Raudt (RV) i over 20 år og er ein av dei mest profilerte lokalpolitikarane i Bergen. Miljø- og klimapolitikk, helse og sosialspørsmål og eldreomsorg er alle viktige områder for Torstein, og hans talkunnskapar kjem godt med for å kunne avsløre snusk og korrupsjon.



2. Lone Lunemann Jørgensen
Alder: 21
Sted: Stord
Yrke: Elev

Lone Lunemann Jørgensen er yrkesskuleelev innafor byggfag. Lone har jobba med internasjonal solidaritet og antikrigsarbeid, og som utvandrar frå Nord-Noreg brenn Lone for å få stansa regjeringas planar om oljeutbygging i Lofoten og Vesterålen.



3. Terje Kollbotn
Alder: 57
Sted: Odda
Yrke: Bygg- og anleggsarbeidar

Terje Kollbotn er bygg- og anleggsarbeidar ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i Tyssedal. I Odda er Raudt nest største parti, og Terje er gruppeleiar. Han har hatt mange faglege tillitsverv innan LO, og er no leiar i LO i Indre Hardanger. I Raudt Hordaland si nye stortingsgruppe vil han spesielt engasjere seg i energi-, industri- og miljøpolitikk, faglege krav og vere ein varm talsmann for Hardanger.

4. Chiku Ali
Alder: 51
Sted: Bergen
Yrke: Kulturarbeidar

Chiku Ali kom inn i Bergen bystyre i 1995 og sit no i Komité for Kultur, Idrett og Næring. Chiku er ei av Noregs mest markante talskvinner mot kjønnslemlesting og har i ei årrekke jobba mot kjønnlemlesting og tvangsekteskap. For Chiku er inkludering og mangfald særleg viktig.

5. Sunniva Schultze-Florey
Alder: 24
Stad: Bergen
Yrke: Student

Sunniva Schultze-Florey er partiets gruppeleiar på fylkestinget. Ho studerer Juss på Universitet i Bergen og har sete på Fylkestinget i Hordaland for Raudt sidan 2003 og sit no i fylkeskommunens Utval for Helse og Opplæring. Ho har bakgrunn frå organisasjonar som Målungdomen, Ungdom mot Narkotika og Kvinnegruppa Ottar. På fylkestinget har ho arbeida mot samanslåing av vidaregåande skular og mot diskriminering av homofile, og var initiativtakaren til fylkeskommunens Homoplan i 2007. I januar 2008 vart ho kåra til Årets homopolitikar 2007. Ho sit også i Studentrådet til Universitetet i Bergen, er medlem av landsstyret til Norsk Studentunion og har vore styremedlem i Kvinnegruppa Ottar i Bergen sidan 2006.

6. Dijana Milicevic Saga
Alder: 48
Stad: Odda
Yrke: Omsorgsarbeidar

Dijana Milicevic Saga er partiets andre representant i fylkestinget. Ho sit også i Kultur- og ressursutvalet i fylkeskommunen, og er 2. vara i kommunestyret i Odda. Ho er 46 år og født i Sarajevo, Bosnia og Hercegovina. Ho kom til Noreg i 1987 og busette seg i Odda. Ho er no fagutdanna omsorgsarbeider og jobbar ved Eidesbrotet bufellesskap i kommunen.

Klikk her for å sjå den fullstendige vallista.

Bli medlem