Stopp anbod - styrk BPA
Av: Ivar Jørdre
Me har følgt debatten om konkurranseutsetjing av Borgarstyrt Personleg Assistanse (BPA) og reagerer sterkt på korleis byråd Christine Meyer brukar argumentet om valfridom. Argumentet er dårleg, avdi denne fridomen allereie finst idag.
Det frie brukarval ligg i dagens ordning med: antan BPA med berre kommunal tilknyting, berre med tilknyting til andelslaget ULOBA, eller ein kombinasjon av begge. På møte i Komite for helse og sosial svara Meyer på dette og sa at i det nye opplegget skulle lite endrast i innhald i ordninga og med løn. Men det er framleis vanskeleg å forstå at anbodsrundar ikkje påverkar slikt.
I ULOBA er kvar enkelt medarbeidsleiar for assistenten og har difor god moglegheit for å styre assistansen etter eigne behov. Er ikkje dette "valfridom", so er få ting det! Me trur heller på mindre valfridom dersom Meyer og byrådet får viljen sin. For framlegget om konkurranseutsetjing handlar nok om private, kommersielle tilbydarar si valfridom. Dei vil ikkje vera antan eigd eller styrt av brukarane og vil difor vera ei innskrenkjing av valfridomen i dag. Er dette verkeleg byrådet si oppriktige meining, å øydelegge eit opplegg som fungerar godt, og der dei som er tilsette søker stillingar p.g.a av positiv omtale av sikt arbeid og med ei god løn? Om slikt vert anbod veit byråden like godt som oss at løna til assistentane nødvendigvis må ned fordi anbod er anbod!
Det ligg i sjølve omgrepet Borgarstyrt Personleg Assistanse at borgaren skal ha eit så sjølvstendigt liv som mogleg for i neste omgang å vera ein aktiv deltakar i samfunnet, på lik linje med alle andre. Meyer og byrådet si løysing tyder noko anna. BPA må ikkje ut på anbod. Samfunnet har forplikta seg til denne form for assistanseordning, difor må BPA lovfestast i staden for å vatnast ut.
Ivar Jørdre
(andelseigar i ULOBA, medlem i Raudt)
Publisert: , oppdatert:







