Rødt

Kart over Norge

Lokallag

Vesten si uuthaldelege lettheit

Av Ivar Jørdre, Raudt Bergen

Den svenske folkerettskjennaren og FNs tidligare visegeneralsekretær for juridiske saker, Hans Corell, hevdar at krigsutføringa av Israel går mot internasjonale konvensjonar for krigføring. Ikkje minst når det gjeld proporsjonane i Israels angrep mot Gaza og bruken av nye og farlege våpen.

Dei første ni timane etter at krigen starta vart omlag 100 000 tonn bomber slept av israelske fly og 200 sivile drept. No, omlag 14 dagar seinare har over 800 palestinarar, dei aller fleste sivile, mista livet. Hus ligg i ruinar, FN kontrollerte skular bomba, overfylte sjukehus og utslitne legar.

Det er klåre krigsforbrytelsar dette å angripe FN kontrollerte tilflyktsstader. I tillegg avviser FN at det i det heile teke var motstandsfolk i sjølve skulen. Også om so var, skal ikkje slike stader fulle av sivile angripast, det er Genevekonvensjonen klår på. Israel har også i følge fleire observasjonar brukt fosfor i granatar, som lagar frygtelege brannsår. Genevekonvensjonen frå 1980 seier at netopp kvit fosfor ikke må brukast i krig i sivile områder.

"Om ein kastar kvit fosfor på ei gruppe sivile, ville ein normalt ende i Krigsforbrytardomstolen i Haag. Dette er eit terrorvåpen", seir den britiske våpeneksperten Charles Heyman til The Times. Dei norske legane Mads Gilbert og Erik Fosse har funne utarma uran i døde og såra barn. Nye og sterkare bombetypar vert og utprøvd. Alle som "vågar" å kritisera krigsmakta Israel på desse punkta og attpåtil klarar å skilje statsideologien sionismen frå jødedomen og det israelske folk, får storkjeften av "israelvenene"! Eg forstår ikkje kvifor nokon av dei ikkje ser bruken av desse type våpen.

For å gjere det klårt: Det handlar om to folk side om side, men ermellom ein okkuperande stat og eit okkupert folk. Den eine er verdas femte største miltærmakt bygd opp av USA, den andre ein ikkje-stat, Gaza med 1,5 millionar innestengde og Vestbreidda snart heilt oppdelt i kontrollpunkt og nybyggjarar. Då er vel ikkje å undrast at dei reagerar, at det vert motstand og motstandsrørsle ut av det. Desse to folka i Midtausten fortener betre, enn å verte brukt i vår vestlege uuthaldelege lettheit.

Ivar Jørdre, Raudt Bergen

Publisert: , oppdatert: