Ja til offentleg finansiering av samferdsel
Som prinsipiell motstandar av bompengar er Raudt skuffa over at dei fleste lokalpolitikarane på Askøy no er for gjeninnføring. Redaktør i AV er til og med redd for at bompengesaka blir eit heitt tema i valkampen om halvanna år, og for at mange vil falle for argumenta mot bompengar fordi det er behov for midlar til veg på Askøy. Dette tykkjer vi er eit underleg, ugjennomtenkt og tullete utspel frå lokalavisa. Sjølvsagt er det eit sårt behov for midlar til veg på Askøy, og Raudt ønskjer ein debatt om dette velkomen fordi den har to viktige dimensjonar.
For det første meiner vi at det er usosialt at pendlarane som bur i usentrale strok på Askøy skal betale for offentlege vegar. At folk flest på Askøy er avhengig av bil med eit alt for dårleg kollektivtilbod, gjer debatten særleg viktig. Med tanke på miljø og behov for avgrensing av trafikk på vegnettet kunne ein heller innført rushtidsavgift på berre 10 kroner som hadde finansiert eit godt, gratis kollektivtilbod med direktebussar til Bergen.
For det andre meiner vi at samferdsel på same måte som t.d. velferd og omsorgstenester er eit offentleg ansvar å finansiere. Kor lengje skal vi godta at Askøy som folkevekstkommune stadig kjem til kort når det skal dekkjast naudsynte behov for dei som bur her? Den raudgrøne opposisjonen på Askøy burde slutte å vere så lojale mot sine partikollegaer i Oslo og heller tenkje på lokalbefolkninga. Og når det gjeld den økonomiske styringa til dei mørkeblå, ja det er mykje å seie om den også, men vi reknar med at det samarbeidet snart er slutt så vi andre kan sjå framover.
Då saka om nasjonal transportplan nyleg var oppe i Bergen bystyre, la Raudt fram følgjande alternative forslag om finansiering: "Bystyret viser til at en betydelig del av samferdselsinvesteringene i Hordaland forventes finansiert med bompenger. Samferdsel er et offentlig ansvar og skal dekkes gjennom normale offentlige budsjetter. Bompengefinansieringen er et uttrykk for at de statlige løyvingene til samferdselstiltak har vært for lave i lang tid. Bystyret krever at statlige myndigheter bevilger nok penger til norsk infrastruktur, slik at det kan bli slutt på bompenger som begrunnes med finansieringsbehov for nødvendige samferdselsinvesteringer"
I motsetnad til vår ideologiske motpart Frp, som stemte for Raudt sitt forslag i Bergen, men som har innført bompengar i Os, seier vi nei til bompengar på privat veg også. Når vi kjem oss inn i lokalpolitikken på Askøy vil vi halde fast ved dette standpunktet av desse prinsipielle grunnane. Ville dei lokale raudgrøne stemt for eit liknande forslag på Askøy, sjølv om dei ikkje gjorde det i Bergen?
Publisert: , oppdatert:







